Populære sporter
All sport
Vis alt

Rekordmange mødrer i troppen – trur det er visse grunnar til det

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 28/11/2023 klokken 14:01 GMT+1

Onsdag opnar dei norske kvinnene jakta på sin femte VM-tittel. Det blir med fleire mødrer i troppen.

Må reise mykje under VM: – Vi blir eit vandrande sirkus

Årets VM-tropp er noko spesiell. Handballjentene har nemleg aldri stilt med fleire mødrer i ein meisterskapstropp. Det høgste talet mødrer var tidlegare fire, under EM i 2020.
No er dei heile seks mødrer på laget: Camilla Herrem, Sanna Solberg-Isaksen, Kari Brattset Dale, Stine Skogrand, Katrine Lunde og Silje Solberg-Østhassel. I tillegg vart Veronica Kristiansen mor i juli. Ho er på reservelista til VM.

Meiner kontinuitet er viktig

Landslagssjef Thorir Hergeirsson trur det er fleire nøkkelord som kan forklare kvifor dei norske damene klarer å kome tilbake sjølv etter at dei har født barn.
– Eitt ord er kontinuitet. Ein kastar ikkje rundt på trenarar om det går dårleg eit år. Ein har is i magen, og tenke langsiktig, seier Hergeirsson til Discovery.
Han er den tredje landslagssjefen på 40 år, etter at han tok over Marit Breivik si stilling i 2009. Då hadde han vore assistenttrenar sidan sommaren 2001, og hadde i tillegg trena yngre lag sidan 1994.
Ikkje berre meiner Hergerisson at handballforbundet har kontinuitet på trenarsida. Også på spelarsida er det fleire spelarar med lang fartstid på landslaget. Lunde debuterte på landslaget i 2002, medan Herrem kom inn i varmen fire år seinare.
– Det gjer det mogleg for jentene å drive toppidrett som mødrer. Forbundet og klubbane har etter kvart skjønt at det er lurt. Jo eldre og klokare spelarane blir, jo betre er dei, forutsett at dei har helse og motivasjon.
Hergeirsson trekk også fram lagarbeid og konstant kulturarbeid som viktig for at ein kan halde på med handballkarrieren i lang tid.
– Ein er aldri ferdig med kulturarbeidet. Det må ein jobbe med heile tida. Tidleg på 80-talet vart det vedtatt på eit styremøte at det skulle bli satsa like mykje økonomisk og ressursmessig på jenter og gutar i forhold til landslag.
I fjor utvida også Noregs Handballforbund lønnsordninga for sine gravide spelarar. Dei får no løn av forbundet gjennom heile svangerskapet.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Vil ikkje erstatte veteranane: – Umogleg

Takksam for familien

Herrem har to sonar, født i 2018 og i 2023. Ho meiner at familien er heilt essensiell for at alle mødrene på landslaget skal lykkast.
– Om vi ikkje hadde hatt støtta frå dei heimanfrå, hadde det vore vanskeleg. Når ein er på samling blir det ganske mykje ansvar på dei heime. No har alle her familie eller partnarar som er med på samling, seier ho til Discovery.
Sjølv trekk ho fram mannen Steffen Stegavik som spesielt viktig.
– Steffen legg til rette for at min kvardag skal gå opp, og at eg får moglegheita til å gjere dei treningane eg skal ha. Og han er alltid så positiv, og seier «vi skal ha gutta-tid heime, og ha det gøy, så det skal du ikkje tenke på». Når han har den innstillinga er det lettare for meg å kome hit og gjere min jobb. Eg er ekstrem takksam for hjelpa eg får frå heile familien, seier Herrem.
Høyr den nyaste episoden av Indre Bane her:
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame