Populære sporter
All sport
Vis alt

Kan få meisterskapsdebuten på heimebane: – Finst ikkje ord

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 27/11/2023 klokken 21:15 GMT+1

Maja Furu Sæteren stod utan landskampa då ho vart tatt ut til VM på heimebane.

Vart tatt ut til VM med null landskampar – tok tid før beskjeden sank inn

HAMAR (Discovery):
Då Thorir Hergeirsson tok ut VM-troppen vart Maja Furu Sæteren den store overraskinga. Ho står med null landskampar, men er no aktuell for å spele verdsmeisterskap.
– Det å få beskjeden var ekstremt stort. Eg har sett veldig fram til dette, seier Sæteren til Discovery på samling med landslaget i Hamar.
Larvik-spelaren har bøtta inn med mål i Rema 1000-ligaen, og står med 101 mål på 11 kampar. Det er eit snitt på 9,2 mål per kamp, som gjer at Sæteren toppar scoringslista på det øvste nivået i Noreg.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Vil ikkje erstatte veteranane: – Umogleg

– Har ikkje ord

Det tok ei stund frå beskjeden kom til det gjekk opp for 20-åringen at ho faktisk skulle representere Noreg i eit meisterskap.
– Eg skjønte det ikkje i starten, men då eg køyrte bil til Hamar, og faktisk tenkte at eg skal i meisterskap, då sank det litt inn. Då kom sjølvsagt nervane og litt høge skuldrar.
Sæteren fekk landslagsdebuten sin under Posten Cup i helga, som var den siste testen før VM. No ventar meisterskapsdebuten, som attpåtil er på heimebane. Årets VM blir nemleg spelt i Noreg, Sverige og Danmark, med dei innleiande rundane i Stavanger for det norske laget, og ein eventuell kvartfinale i Trondheim.
– Det å debutere på heimebane ... Kva skal ein seie? Eg har ikkje ord på det. Det er ein draum som går i oppfylling.
Bakspelaren legg ikkje skjul på at det kjem eit ekstra press når ein er arrangerande nasjon.
– Samtidig vil ein nå langt og gjere det beste ut av det uansett kor ein speler. Men vi har eit bra lag, og det veit mange, så folk forventar sikkert mykje av oss.

Stor forskjell

20-åringen var ein del av laget som vann VM for junior i 2022. No kan ho altså ta på seg landslagsdrakta på eit høgare nivå. Sæteren fortel at det er stor forskjell frå junior- til seniornivå.
– Det er mykje meir tempo og fysikk her. I tillegg er det folk i alle aldersgrupper, og mange som er erfarne.
Den erfaringa vil Sæteren bruke til sin fordel. Landslagstrenar Hergeirsson var klar på at Larvik-spelaren først og fremst var tatt ut til å lære, då han presenterte troppen.
– Eg er her for å lære. Det er mange store profilar som eg kan få tips og tilbakemeldingar frå. Så kan eg forhåpentlegvis bidra med det eg er god på, som er skot og overblikk for spelet.
picture

Stine Bredal Oftedal er imponert over debutant Maja Furu Sæteren. Her med lagvenninne Camilla Herrem.

Foto: NTB

No skal ho spele på lag med landslagsveteranar som Stine Bredal Oftedal og Camilla Herrem. Førstnemnte er svært imponert over det ho har sett frå det unge talentet.
– Ho er ein ordentleg «goal-getter», og eit slikt snitt av mål er det lenge sidan eg har sett liknande. Det seier sitt om kva type skyttar ho er. Og sjølvsagt gøy å ha med nokon som er så ung og talentfull, seier Bredal Oftedal til Discovery.
Noreg speler første VM-kamp onsdag 29. november.
Høyr Sæteren si lagvenninne Kristina Novak fortelje om skaden hennar før VM-troppen blei tatt ut i «Indre Bane»:
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame