OL-billetten innan rekkevidde for Noreg etter nervepirrande avslutning

Noreg fekk ein kjempeopning i OL-kvalifiseringa mot Portugal.

Sjekk denne utrulege redninga frå kantspelaren

Video credit: Eurosport

Noreg-Portugal 32-29 (18-13)
Noreg fekk ein draumestart på OL-kvalifiseringa då dei vann mot Portugal torsdag kveld.
– Vi får ein perfekt start på OL-kvalifiseringa, og har tatt eit steg mot Paris, sa Discoverys handballkommentator Asbjørn Myhre.
Landslagstrenar Jonas Wille legg ikkje skjul på at det var ein viktig siger.
– Det er godt, fordi vi speler om ein OL-plass, men også at vi får vise at vi kan vinne jamne kampar og avgjere ting til slutt, sjølv om det er litt jamnt, sa Wille til Discovery etter kampslutt.
No må handballgutane vinne over anten Ungarn eller Tunisia for å sikre ein plass i OL i Paris. Dei kampane blir spelt laurdag og søndag.
Kantspelar Alexander Blonz hadde ei utruleg redning under kampen. Sjå situasjonen øvst i saka.

– Eit steg i riktig retning

I førekant av kampen var landslagsspelar Tobias Grøndahl tydeleg på at han ville at Noreg skulle få revansj etter EM i januar, som ikkje gjekk Noreg sin veg.
– Dette er verkeleg eit steg i riktig retning. Vi har jobba med mykje forskjellig og snakka om kva vi kan gjere betre. Den responsen gutane gir i alle ledd, det er så mange hakk opp frå meisterskapet.
Det sa stjernespelar Sander Sagosen seg einig i.
– Vi har hatt revansje i kroppen i lang tid etter den januaren vi hadde. Vi klarar å ri det ut, og det er vi nøgd med.

– Glimrande

Noreg gjekk opp i leiinga på 5-4, og derifrå såg dei seg aldri tilbake.
– No likar vi det vi ser, sa Myhre.
Dei auka leiinga utover omgangen, og Noreg kunne gå til pause med ei femmålsleiing. Det kunne derimot vore ei endå større leiing, men Portugal klarte å redusere i siste sekund etter at Noreg mista ballen i siste angrep.
– Det var ein bra førsteomgang for vår del. Eg synest vi løyser mykje av det vi har sett på video. Vi skulle helst hatt seks eller sju, men fem mål er supert. Det har sett bra ut hittil, sa kaptein Christian O'Sullivan til Discovery i pausen.
Discoverys handballekspert Ole Gustav Gjekstad var også fornøgd med det han såg frå dei norske herrane.
– Det var ein glimrande førsteomgang av Noreg. Dei har god kontroll på kampen, mykje takka vere målvaktsspelet til Torbjørn Bergerud, men også på grunn av eit godt og variert angrepsspel utover omgangen. Dei kjem til gode sjansar i nesten kvart einaste angrep.

Tok innpå

Noreg heldt Portugal på god avstand utover andreomgangen, men med tolv minutt igjen på klokka kraup motstandarane sakte men sikkert innpå. Dei reduserte frå 26-21 til 26-23.
Det tok fire og eit halvt minutt før Noreg klarte å få inn ei scoring og auke leiinga.
I sluttminutta var det to mål som skilte laga. Simen Lyse scora tre på rad, medan Bergerud kom med nokre sentrale redningar, som var med på å sikre sigeren for Noreg.
Slik er resten av kampprogrammet:
Laurdag 16. mars frå 19.00 Noreg - Ungarn
Søndag 17. mars frå 18:00 Tunisia - Noreg
Sett denne?
picture

Vil gjere opp for EM i OL-kvalifiseringa: – Var ikkje godt nok

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame