Populære sporter
All sport
Vis alt

Gir «nykommar» sjansen når Noreg har kniven på strupen: – Veldig gøy

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 28/02/2024 klokken 16:31 GMT+1

Kasper Thorsen Lien (22) var ikkje ein del av landslaget under EM, men fekk tilliten i troppen som skal forsøke å sikre Noreg ein OL-plass.

Kasper Thorsen Lien.

Foto: NTB

  • Følg OL-kvalifiseringa på discovery+ og TVNorge 14.-17. mars
– Det er sjølvsagt veldig gøy å få tilliten.
Det seier Elverum-spelar Kasper Thorsen Lien til Discovery.
Han er ein av spelarane som får sjansen i Jonas Wille sin tropp til OL-kvalifiseringa i mars.

Fekk beskjed før NM-finalen

Wille ringde med landslagsbeskjeden dagen før NM-finalen.
– Hovudet var litt på ein annan stad, men det var ein veldig fin beskjed å få inn mot finalen. Det er ein bonus å ta med seg sjølvtilliten inn i kampen, seier Fredrikstad-guten.
På motsett banehalvdel stod Kolstad. Laget frå Trondheim er svært landslagstungt og har heile sju spelarar i troppen til OL-kvalifiseringa. At store delar av motstandarlaget blir Lien sine framtidige lagkameratar var ikkje noko han tenkte på undervegs i NM-finalen.
– Eg klarar å skilje det litt. Der og då speler ein for gull, og ein vil ikkje noko anna enn å slå dei.
  • Følg OL-kvalifiseringa på discovery+ og TVNorge 14.-17. mars
Til slutt enda det med sølv til Elverum, men 22-åringen legg ikkje skjul på at det var ei spesiell helg.
– Absolutt! Det var gøy, men vi skulle gjerne tatt gullet med oss.
Lien står med seks landskampar for Noreg, deriblant på nødlandslaget, men dette er første gong han speler kampar der ekstra mykje står på spel.
– Det er veldig kult å få tilliten, og få høyre at ein får vere med å spele kampane som tel veldig. Det har eg ikkje gjort før. Det blir ikkje noko anna enn veldig gøy, og eg skal prøve å bidra med det eg kan bidra med.

– Sjølvsagt skal vi til Ol

Wille gjorde berre to endringar på troppen som spelte EM i januar. Inn kom Lien og Sander Drange Heieren, medan Magnus Abelvik Røed og Kevin Gulliksen må sjå kvalikken frå sofaen.
Under meisterskapet gjekk det ikkje Noreg sin veg, og meisterskapet blei blant anna omtalt som ein fiasko av ekspertar. Lien trur det vil vere ein svært revansjelysten gjeng som skal spele i OL-kvalifiseringa.
– Vi går inn med svolt, og har lagt meisterskapet bak oss. Sjølvsagt skal vi til OL, men det er ikkje ei oppgåve som gjer seg sjølv.
Noreg er i gruppe med Ungarn, Portugal og Tunisia. Dei to beste frå gruppa sikrar ein OL-billett.
– Det er absolutt tøff motstand. Det er lag som er gode og i form, så vi må gjere vårt beste for å slå dei. Sjølvsagt har eg trua på at dette går fint, seier Lien.
  • Følg OL-kvalifiseringa på discovery+ og TVNorge 14.-17. mars
Discoverys handballekspert Ole Gustav Gjekstad har også trua på at Noreg skal klare å sikre ein plass i leikane.
– Eg synest sjansane er gode, men det kan bli knapt. Portugal og Ungarn er to motstandarar ein skal spele godt mot for å vinne, og ein må også vere merksam på Tunisia. Dei er eit bra handballag sjølv om dei er tippa nedst, seier Gjekstad.
Gjekstad synest det er gledeleg at Lien kjem inn no når Noreg står med kniven på strupen.
– Det er nok ikkje slik at nokre nye fjes vil prege ei OL-kvalifisering, men det er fint å sjå at andre får sjansen.

SLIK BLIR KVALIFISERINGA SPELT

14. mars 18:30 Noreg - Portugal
16. mars 19:30 Noreg - Ungarn
17. mars 18:30 Tunisia - Noreg
Sett denne?
picture

– Vinner på en dårlig dag


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame