Populære sporter
All sport
Vis alt

Nordmann ferdigspelt etter tung PGA-debut: – Føler eg er betre

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 19/04/2024 klokken 19:40 GMT+2

Herman Wibe Sekne er ferdigspelt for helga.

Herman Sekne.

Foto: Getty Images

  • Følg Corales Puntacana Championship og RBC Heritage denne veka på discovery+
Nordmannen gjekk av med totalt tre bogey og to birdies på andrerunda, og enda opp på fire slag over par etter to spelte rundar. Dermed blir det ikkje vidare spel i helga.
– Eg spelte ikkje så bra som eg sjølvsagt ønska. Eg føler at eg er betre enn eg viste denne veka, og at eg ikkje fekk det heilt ut, sa Sekne etter runda.
Den projiserte cutlinen er no på -3.

Tøff start

Etter den første runda i Punta Cana i Den dominikanske republikk var Sekne på tre slag over par.
– Det var ikkje heilt den starten eg ville ha. Det var mykje nytt å lære, så eg følte ikkje at eg tok den tida eg burde dei første hola.
Sekne opna fredagens runde med par på dei fire første hola, før han måtte signere den første firkanten for runda på scorekortet. Dermed gjekk han opp til fire slag over par samanlagt.
Fire hol seinare vart den andre eagleen for runda eit faktum.

Høge ambisjonar

På dei siste ni hola gjekk det derimot betre. Etter to hol som enda med par, gjekk Sekne av med to birdies på rad, og var då på par for dagen.
På neste hol gjekk han av med ein ny bogey, og var tilbake på fire slag over par samanlagt.
Nordmannen avslutta runda med fire par på rad.
Discoverys golfekspert Marius Thorp trur Sekne hadde høge ambisjonar for PGA-debuten.
– Eg trur han har høgare ambisjonar enn å klare cuten. Han veit at om han speler to gode rundar er han vidare til resten av helga. Då er det berre å gjere det beste ut av situasjonen, og sjå kor langt det kan gå, sa Thorp før turneringsstart.

Fekk sponsorinvitasjon

Sekne fekk prøve seg på PGA-touren då han fekk ein sponsorinvitasjon til turneringa etter å ha levert i college-turneringar.
– Det er sjølvsagt veldig fint at eg har fått moglegheita til å spele her. Eg har lært veldig mykje denne veka, sa Wikne.
Amerikanske Bryan Wesley leiar turneringa etter to spelte rundar.
Sett denne?
picture

Hovland-utbrudd på direkten: – Sjukt hvor jævla dårlig i golf du er!


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame