Golfstjerna utan caddien i The Masters etter bisarr skade
Publisert 11/04/2024 klokken 18:05 GMT+2
Tyrrell Hatton har ein ny caddie i The Masters etter at hans faste skada seg på spesielt vis.
Hovland mistet makkeren til LIV: – Kjipt
Video credit: Eurosport
- Følg Viktor Hovland i The Masters på discovery+, Eurosport.no og REX (tidlegare kalla MAX)
Golfstjerna Tyrrell Hatton får ikkje med seg sin vanlege caddie, Mick Donaghy, i The Masters.
Førre helg spelte Hatton på LIV-touren i Miami, med Donaghy på baggen. Etter dei hadde ete middag på laurdagen datt plutseleg Donaghy.
– Eg veit ikkje korleis fallet eigentleg skjedde, men han landa ganske tungt på skuldra, sa Hatton ifølge Fox News.
Golfspelaren fortel at caddien var på sjukehuset resten av kvelden. Der tok han røntgen.
– Så vidt eg veit har han ikkje brekt noko, men han kjem ikkje til å vere caddie den neste månaden.
I staden er det ein venn av Hatton som flyr inn til Augusta for å vere caddie. Han skal også vere avløysar for Donaghy i Australia og Singapore den neste tida, om han får visum i tide.
Årets The Masters vil bli briten sin niande gong i turneringa. Hans beste resultat der er ein 18. plass, som kom i 2021.
32-åringen melde overgang til LIV-touren i januar og vart ein del av Jon Rahm sitt lag.
Sjå kva Viktor Hovland sa om Hatton sin overgang til LIV øvst i saka.
Hatton står med tolv sigrar i karrieren, men berre éin på PGA-touren. Den kom i Arnold Palmer Invitational i 2020.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/04/09/3946080-80135308-2560-1440.png)
Hovland før Masters: – Det har vært vanskelig
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame