Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland overraska over framgang: – Trudde det var eit prosjekt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 21/05/2024 klokken 21:14 GMT+2

I førekant av PGA Championship vart Viktor Hovland foreint med trenar Joe Mayo på nytt. Det gav raskt resultat.

Hovland merkar endring: – Føler eg er mykje meir i kontroll

  • Sjå Charles Schwab Challenge frå torsdag til søndag på den nye strøymetjenesta Max
Før PGA Championship kunne Discovery erfare at Viktor Hovland hadde begynt å jobbe med fjorårets suksesstrenar Joe Mayo igjen. Dagen etterpå stadfesta Hovland sin tidlegare trenar, Dana Dahlquist, at duoen jobba saman igjen.
Hovland har hatt eit trøblete 2024, der han har slitt med å finne godfølelsen med svingen, men etter at samarbeidet starta opp igjen, såg han fort framgang. Det har overraska den norske golfstjerna.
– Eg såg allereie at det var betre for eit par dagar sidan, rett før eg spelte turneringa, men dette har absolutt overgått alle forventningane, sa Hovland under ein pressekonferanse under PGA Championship.
Hovland fortalde at han tok kontakt med Mayo veka før PGA Championship.
– Då eg trefte Joe sa eg: «Du ser ikkje særleg bekymra ut». Han hadde peika ut eit felt, og så snart eg begynte å jobbe med det vart det betre. Eg trudde at det ville vere eit lite prosjekt, og at det ville ta seks til åtte veker før eg såg framgang, så det var eigentleg det beste scenarioet som skjedde. Det er ganske kult.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Hovland må le av egen tabbe

– På rett veg

Berre dagar etter samarbeidet hadde starta var Hovland i sigerskampen i årets andre majorturnering, PGA Championship. Også det var noko overraskande for nordmannen.
– Eg er overraska, fordi eg følte meg så langt unna førre veke. Samtidig er eg ikkje overraska, fordi eg aldri har tvilt på evnene mine. Det er ikkje noko feil med meg mentalt, og eg tvilte aldri på at eg ikkje kunne spele golf igjen. Det var berre det at maskineriet mitt ikkje fungerte så bra, og at teknikken min ikkje var bra nok til å konkurrere, sa Hovland etter den tredje runda.
Til slutt enda han på tredjeplass i turneringa, berre slått av Xander Schauffele og Bryson DeChambeau.
– No beveger vi oss i riktig retning.

Står over turnering

Hovland var i utgangspunktet påmeldt Charles Schwab Challenge denne veka, men valde å stå over for å prioritere trening.
– Eg ønsker å bruke tida framover til å trene med Joe for å vere best mogleg førebudd til dei større turneringane, forklarte Hovland til Discovery.
Den neste turneringa nordmannen speler blir The Memorial frå 6. til 9. juni.

Eventyrår

Det var i februar i fjor, under Genesis Invitational, at Hovland stadfesta til Discovery at han hadde begynt å jobbe med Mayo.
– Eg har kjent Joe i nesten seks år, og vi har snakka saman ein god stund før dette blei til. Vi har eit veldig godt forhold, sa nordmannen den gong.
Det blei starten på eit eventyrår der Hovland gjekk til topps i The Memorial, BMW Championship og Tour Championship, som gjorde at han også vann FedEx-cupen samanlagt, før han avslutta året med siger i Ryder Cup, der Hovland statistisk sett var den beste spelaren gjennom turneringa.
Ved årsskiftet slutta Hovland og Mayo å jobbe saman.
Sett denne?
picture

Hovland augnar sigersmoglegheit: – Kult å ha ein sjanse


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame