Populære sporter
All sport
Vis alt

Nordmannen gjer comeback på PGA-touren: – Må nok ein siger til

Oppdatert 27/03/2024 klokken 12:34 GMT+1

Denne veka er norsk-meksikanske Kristoffer Ventura tilbake på PGA-touren for første gong på 2,5 år.

Vil spele på PGA-touren: – Skal nok gå vegen

  • Følg Kristoffer Ventura i Houston Open på discovery+ torsdag til søndag
Kristoffer Ventura speler vanlegvis på Korn Ferry-touren, men denne helga skal han få prøve seg på det alle øvste nivået under Houston Open.
29-åringen fekk ein sponsorinvitasjon til PGA-turneringa etter at han leverte eit botnsolid resultat i Argentina Open på Korn Ferry-touren i starten av mars. Nordmannen kjempa om sigeren, men enda til slutt på ein andreplass etter omspel.
Ventura legg ikkje skjul på at det kjennast bra å få moglegheit til å returnere til PGA-touren. Sist gong han spelte på der var under Fortinet Championship i september 2021.
– Det blir gøy. Eg skal prøve å gjere det beste ut av det, og må sjå på det som erfaring og bra trening framover, seier Ventura til Discovery.
I Houston Open vil Ventura konkurrere mot golfstjerner som Scottie Scheffler og Wyndham Clark. Viktor Hovland, som bur i lag med Ventura, skal ikkje delta.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Her avbryt konkurrenten intervjuet

Kan få spele meir

Ein siger i Houston Open vil sikre Ventura spelerettigheitar til PGA-touren gjennom 2026-sesongen. Det er noko nordmannen er svært gira på.
– Forhåpentlegvis får eg ein siger, så eg slepp å dra tilbake til Korn Ferry.
I tillegg vil eit toppresultat gjere at 29-åringen får spele i alle «signature events», Masters og PGA Championship. Masters-turneringa går av stabelen allereie i midten av april, men ifølge hovudpersonen sjølv kjem han til å stille opp på kort varsel.
– Eg takkar ikkje nei til Masters om eg vinn i Houston. Eg skal nok klare å finne plass i kalenderen.
  • Discoverys golfekspert Marius Thorp meiner det er perfekt tidspunkt for Ventura å få spele på PGA-touren igjen. Les meir her

Kjempar i toppen

Om han ikkje går til topps i Houston Open er det andre vegar å gå for å sikre spelerettigheitar på det høgste nivået. Dei 30 beste på Korn Ferry-touren ved sesongslutt kvalifiserer seg nemleg for eit kort på PGA-touren den komande sesongen. Ventura ligg foreløpig på ein 14. plass.
I Argentina viste nordmannen at han er i god form, noko som lyder godt med tanke på ei topp 30-plasesring.
– Om det som skjedde i Argentina skjer meir, så trur eg det held i massevis. Eg tenker ikkje så mykje på poeng og ranking. Så lenge eg blir litt betre heile tida, så skal det nok gå vegen.
Sjølv om 29-årigen vart slått i omspelet sit han likevel igjen med ei god oppleving.
– Det var kjipt at det ikkje heldt heile vegen, men gøy å sjå at spelet har blitt så mykje betre. Det er meir stabilt, og det gir meg sjølv ein større sjanse til å vinne. Det blir nok ikkje siste gong i år.
Sett denne?
picture

Kommentatoren tar av etter dette: – Herlig!

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame