01.02.24 - 17.45
Ferdig
AT&T Pebble Beach Pro-Am
Individuelt - Men • Finale
Før kamp

Individuelt -

    
30
Highlights 
 
 Supprimer
 

Takk for følget!

 

Putten blir litt for kort, og dermed blir det ein par på det siste holet.

 

Likevel klarer Hovland å spele seg inn på green på neste slag! Rett i underkant av 10 meter, til høgre for flagget.

 

Han har ein litt dårleg vinkel frå roughen.

 

Utslaget går ut i roughen til høgre, 164 yards frå pinnen.

 

Kva kan Hovland få til på det siste holet for runda?

 

Hol 9: Par 4, 475 yards

 

Parputten sit ikkje, og Hovland må notere seg ein ny firkant på scorekortet etter at ballen gjekk langs høgre hullkant.

 

Speler seg inn på green, i underkant av to meter unna flagget.

 

Kjem seg akkurat ikkje opp på greenen på neste slag. Ballen landar i fairway, heilt i framkanten av greenen, 20 yards frå pinnen.

 

Utslaget går opp langs venstresida, litt ut i semiroughen. 212 yards til pinnen.

 

Hol 8: Par 4, 429 yards

 

Ny birdie!

 

Kan det bli ein ny birdie umiddelbart her?

 

Utslaget går rett til green, berre 1,5 meter frå pinnen!

 

Hol 7: Par 3, 99 yards

 

Birdie! Då er han tilbake på -3.

 

Eit flott innspel der Hovland legg seg drøye 3,5 meter frå flagget. Ein etterlengta birdemoglegheit no!

 

No har han 36 yards til pinnen.

 

Hovland slår ut i roughen til høgre. Ballen hamnar på kanten av golfbana, rett til venstre for ein bunker.

 

Hovland slår ut midt i fairway, 228 yards til pinnen.

 

Hol 6: Par 5, 525 yards

 

Hovland reddar par, sjølv etter ein svært utfordrande posisjon i bunkaren.

 

Eit nydeleg innspel! Landar berre ein drøy halvmeter frå flagget etter at ballen gjer eit lite hopp.

 

Hovland slår utslaget ut i venstre greenside bunker. Ballen ligg i ein veldig utfordrande posisjon, så denne blir tøff.

 

Hol 5: Par 3, 207 yards

 

Par!

 

Speler seg inn på green, 1.5 meter frå flagget.

 

Hovland tar litt for mykje sand og transporterer ballen til neste bunker.

 

Utslaget hamnar i venstre fairway bunker, 45 yards frå pinnen. Det er svært mange bunkerar på dette holet, og ballen lander i den nest nærmaste til greenen.

 

Hol 4: Par 4, 330 yards

 

Heller ikkje den putten sit, og det blir nok ein par.

 

Han speler seg inn på greenen, 4,5 meter frå pinnen. Hovland får ein fin birdiemoglegheit!

 

Utslaget går ut i roughen til høgre, akkurat på ein grasflekk som går ut i bunkeren.

 

Hol 3: Par 4, 400 yards

 

Han kjem seg ut av bunkeren, men misser birdieputten. Det blir nok ein par.

 

Eit nydleg utslag som finn fairway, men så hamnar Hovland ute i venstre greenside bunker, 17 yards frå pinnen.

 

Hol 2: Par 5, 516 yards

 

Slaget går 60 centimeter til høgre for flagget og det blir dermed ein par på hol ein.

 

Speler seg inn på green, men innspelet endar litt kort, 12 meter frå pinnen.

 

Utslaget går midt i fairway, 154 yards frå pinnen.

 

Hol 1: Par 4, 384 yards

 

No skal Hovland i gong med «front nine». Etter ni spelte hol ligg han på ein over par på dagens runde.

 

Ein god revansje frå gårsdagens bogey på dette holet!

 

Men ein birdie blir det! Tilbake på -2 no.

 

Så nære! Hovland slår berre ballen 18 centimeter frå holet og ein eagle.

 

Hovland speler seg inn på greenen, 11 meter frå holet. Det blir ein lang put, men han speler altså for eagle no.

 

Utslaget finn fairway, og hamnar litt til høgre. 233 yards til pinnen.

 

Hol 18: Par 5, 531 yards

 

Hovland får ikkje betalt for det fantastiske utslaget. Ballen går akkurat til venstre for holet, og det blir par.

 

Kan han altså slå tilbake umiddelbart med ein birdie etter bogeyen?

 

For eit utslag! Hovland speler seg inn på greenen, to meter forbi flagget.

 

Hol 17: Par 3, 182 yards

 

Hovland er no to slag over par, og totalt på -1.

 

Hovland må tole endå ein bogey på dette holet. Han gjorde også ein bogey på hol 16 i går.

 

Litt mykje sand på slaget, og Hovland får berre ballen ti meter fram, i roughen.

 

Oj! Neste slag går svært langt, langt forbi greenen. Ballen landar i greenside bunker, bak greenen.

– Ein heilt sjanselaus posisjon derifrå, seier Discoverys golfekspert Marius Thorp.

 

Utslaget går går litt til venstre, ut i «native area». Hovland har 118 yards til pinnen.

 

Hol 16: Par 4, 408 yards

 

Par.

 

Slaget går 60 centimeter til venstre for holet.

 

Hovland speler seg inn på greenen. Omtrent 14 meter inn til flagget, og dermed blir det ein svært lang birdieputt.

 

Flagget er også omringa av tre bunkerar.

 

Hovland slår seg ut i fairway bunker på utslaget. 105 yards til pinnen.

 

Hol 15: Par 4, 400 yards

 

No er han altså tilbake på -2 igjen, og ligg på ein delt 52. plass.

 

Åh, putten sit ikkje, og det blir nok ein bogey på Hovland.

 

Kjem seg opp på greenen, men slaget går litt for langt. Fem meter forbi flagget.

 

Hovland slår ut i greenside bunker.

 

Andreslaget finn også fairway, denne gongen litt til høgre. 58 yards til pinnen no.

 

Utslaget går litt til venstre i fairway, 288 yards til pinnen.

 

Hovland gjorde birdie på dette holet i går. Kva kan han få til i dag?

 

Hol 14: Par 5, 575 yards

 

Par! Putten er 40 centimeter for kort, men slår altså inn til par.

 

Spiller seg inn på green, med en ganske fin linje inn til flagget, 14 meter inn.

– Det er altfor kort! Det der er heilt elendig, Viktor, seier Discoverys golfkommentator Per Haugsrud.

 

Hovland finn fairway! Ballen landar midt i, 138 yards frå pinnen.

 

Hol 13: Par 4, 450 yards

 

Birdie og tilbake på -3!

 

For eit utslag! Berre 2,5 meter unna pinnen. Ein god birdiemoglegheit her no!

 

Hol 12: Par 3, 204 yards

 

Dermed blir det ein par.

 

Åh, det er så nærme ein birdie! Ballen rullar rett til venstre for holet, men går ein meter for langt.

 

Speler seg inn på green, rundt sju meter inn til flagget.

 

Også dette utslaget hamnar til høgre i fairway. 104 yards til pinnen.

 

Hol 11: Par 4, 374 yards

 

Hovland ligg no på -2.

 

Det blir nok ein bogey.

 

I går gjekk Hovland altså på ein bogey på dette holet.

 

Speler seg inn på greenen, 4,2 meter frå pinnen.

 

Ballen hamnar akkurat ute til høgre i roughen, i første klippen. 14 meter til pinnen.

 

Hovland finn fairway på første utslag. Ballen hamnar litt til høre, 156 yards til pinnen.

 

Hol 10: Par 4, 448 yards

 

Den norske golfstjerna startar på back nine klokka 17:34.

 

Hovland var tydeleg frustrert under runda i går, og måtte tole fire bogeyer.

– Eg håper han kjem ut med litt rolegare lynne i dag. At han har litt meir kontroll og ikkje lar det mentale påverke slaga for mykje. Speler han smart, tar gode val og finn ei god kjensle, veit eg han kan gå fint, seks-sju-åtte under par, seier Discoverys golfekspert Marius Thorp i førekant av runda laurdag.

 

Ifølge Discoverys golfekspert Marius Thorp skal det vere gode speleforhald på bana i dag.

– Vi får håpe vêret held seg for heile runda. Det ser ut som det skal gjere det, og då vil det vere mogleg å gå veldig lågt.

 

Hovland slår ut 17:34 norsk tid saman med Maverick McNealy og Alex Smalley.

 

Den norske golfstjerna gjekk torsdagens opningsrunde på tre slag under par, medan andrerunda fredag enda på par. Dermed ligg han på ein delt 44. plass før tredjerunda.

 

Hjertleg velkommen til livedekninga av Viktor Hovland si tredjerunde i Pebble Beach Pro-Am.

 

 

 

 

 

 

 

Takk for følget!

 

I morgon slår Hovland ut 19:21. Då vil han vere i Featured Group. Du kan følge han på discovery+ og Eurosport Norge frå 19:15.

 

Ny birdie! Ein herleg avslutning.

 

Speler seg fint inn på greenen, og ligg fire-fem meter frå flagget.

 

Hovland ligg litt i roughen til høgre.

 

Dagens siste hol for Hovland! Kva kan han få til her?

 

Hol 9: Par 4, 431 yards

 

No er nordmannen på -2 totalt med berre eitt hol igjen.

 

Birdie på Hovland!

 

Neste slag landar i bakken, forbi flagget med to meter. Ein birdiemoglegheit for Hovland no!

 

Ballen landar midt i fairway på hol åtte, Hovlands nest siste hol.

 

Hol 8: Par 4, 399 yards

 

Hovland speler seg inn på green sju-åtte meter frå holet, og sikrar par.

 

Ballen hamnar ute i roughen, til venstre for flagget.

 

Det er eit vatn rett til venstre for flagget på hol 7. Ifølge Discoverys golfekspert Marius Thorp drar Hovland slaget mot venstre, og ballen flyr over vatnet. Thorp er usikker på kvar ballen landa, men fortel at det ikkje var fint.

 

Rundt 213 meter til flagget.

 

Utslaget hamnar i fairway.

 

Hol 7: Par 5, 549 yards

 

Nok ein par.

 

Sju-åtte meter inn til pinnen.

 

Litt motvind gjer at Hovland mistar ballen litt til høgre, men speler seg inn på greenen.

 

Eit perfekt utslag frå Hovland! Han er framleis på -1.

 

Hol 6: Par 4, 446 yards

 

Det blir ein par, medan Cantlay får dagens sjette birdie!

 

Hovland slår fire meter forbi holet.

 

Hovland sin makker er foreløpig oppe i leiinga etter 13 spelte hol, med -5. Amerikaneren speler svært godt i dag!

 

Greenen er omringa av fire bunkarar på hol 5.

 

Hol 5: Par 4, 203 yards

 

Par på hol fire.

 

Hovland ligg litt til høgre ved starten av greenen. Greenen er svært smal og nokså lang.

 

Utslaget hamnar litt til høgre, akkurat ute i roughen.

 

Hol 4: Par 4, 370 yards

 

Ballen går litt til venstre for holet, og Hovland må nøye seg med nok ein bogey. På -1 igjen no.

 

Hovland slår seg inn på greenen frå roughen. Han kjem opp litt for kort.

 

Hovland har slått seg ned i bakken, akkurat ut i roughen.

 

Hol 3: Par 3, yards 172

 

Åh, så nære! Hovland slår ikkje ballen hardt nok, og det blir par.

 

Han har slått seg inn til omtrent 3,5 meter fra pinnen, og har nok ein god birdiemoglegheit.

 

Hovland finn fairway på hol to.

 

Hol 2: Par 4, 349 yards

 

Nok ein birdie på Hovland! No er han tilbake på -2.

 

Greenen er omringa av fleire bunkarar. Hovland sitt andre slag hamna i fairwayen.

 

Hovland har slått seg litt ut til høgre i roughen.

 

Hol 1: Par 5, 595 yards

 

Nok ein par! Hovland er på -1 etter halve runda spelt.

 

Hovland speler seg inn på greenen.

 

Utslaget hamnar akkurat ute i roughen, nok ein gong.

 

Hol 18: Par 4, 430 yards

 

Par! Makkar Cantlay signerer sin andre birdie for dagen.

 

Åh! Hovland er så nære frå lang avstand. Omtrent 60 meter til par etter at han var borte i høgre hullkant.

 

Utslaget går litt til venstre, akkurat i roughen. Har rundt 50 meter til pinnen.

 

Hol 17: Par 4, 325 yards

 

Hovland måtte slite seg gjennom dette holet, og endar opp med ein bogey etter å ha vore ute i roughen. Han ligg no på -1.

 

Utslaget hamnar i fairway.

 

Hol 16: Par 4, 476 yards

 

Det blir også par på hol 15, etter at ballen treff venstre holkant og ut.

 

Hovland slår utslaget rundt 2,5 meter unna flagget. Nye birdie-moglegheiter på Ekeberg-guten no!

 

Hol 15: Par 3, 130 yards

 

Nok ein par på Hovland. Han har altså spelt par på begge par fem-hola.

 

Putten blir også for kort. Hovland har rundt 80 centimeter inn til hullet, og slår no for par.

 

Bunkerslaget tar altfor mykje sand og blir ein god del meter for kort. Hovland har igjen rundt 10 meter til flagget, men speler seg inn på green.

 

Etter eit langt innspel flyr ballen akkurat over vatnet og endar opp ute i høgre greenbunker.

 

Ballen hamnar omtrent 225 meter til greenen.

 

Hovland slår midt i fairway. På grunn av våt bane er det ingen rull på ballen, og den stoppar nesten direkte.

 

Også her ligg flagget plassert like ved eit vatn.

 

Hol 14: Par 5, 560 yards

 

Putten stoppar akkurat før holet! Der var ikkje millimeterane på Hovland si side. Det blir ein par.

 

Nordmannen slår inn på greenen ved neste slag, og har omtrent sju meter for endå ein birdie.

 

Hovland følger opp og slår utslaget midt i fairway på neste hol.

 

Hol 13: Par 4, 460 yards

 

Birdie! Hovland ligg altså på -2 etter tre spelte hol.

 

Utslaget hamnar berre tre meter frå pinnen! Pinnen ligg like ved vatnet, men Hovland kjem seg trygt inn på green. Her er det nok ein birdemoglegheit.

 

Hol 12: Par 3, yards 178

 

Dermed blir det par for Hovland!

 

Putten gjekk litt til høgre, omtrent ein meter frå pinnen.

 

Ballen hamnar rundt 8-10 meter frå pinnen på innspelet. Dermed blir det ein lang birdieputt.

 

Det er omtrent 120 meter til flagget før slag tre.

 

Eit kortvarig regnskyll over golfbana og ei våt bane frå før av fører til at Hovland har ein del gjørme på ballen. Han må legge seg opp på det andre slaget.

 

Utslaget går akkurat ut i roughen til venstre.

 

Hol 11: Par 5, 39 yards

 

Og Hovland sat putten! Birdie!

 

For ein start! Hovland leverer eit flott innspel til greenen, tre meter frå pinnen. Her har vi allereie ein birdie-moglegheit på første hol!

 

Det er svært vått på bana, og nesten ingen rull på ballen.

 

Hovland sender avgårde ein nydeleg drive som hamnar midt i fairway, omtrent 90 meter til flagget.

 

Hol 10: Par 4, 407 yards

 

Viktor Hovland speler i lag med Patrick Cantlay torsdag, og dei starta på back nine. Det er ingen shot tracker på bana Hovland speler på i dag, men vi skal gje oppdateringar undervegs på korleis nordmannen gjer det gjennom runda, så godt det lar seg gjere.

 

Hovland starter på back nine 18:21.

 

No har dei første spelarane slått ut, og dermed verker det ikkje som at det blir nokre forsinkingar.

 

Hovland har hatt ei turneringspause på tre veker.

– Han har jobba ein god del med svingen, og er vel ikkje sånn hundre prosent fornøgd, men vi veit at 40 % av maks Viktor Hovland er meir enn godt nok. Han har sett solid ut på treningsrundane, seier Discoverys golfekspert Marius Thorp.

 

Discoverys golfekspert Marius Thorp er på plass i California. Han opplyser om varierande vêr.

– No er det sol og fint, men det kan kome regn. I ettermiddag kan det kome hagl og tore, så får vi sjå om det kjem eller ikkje. Vi får håpe at det er på lag.

Det har regna mykje i natt.

– Det er ganske vått og bløtt. Det er ballplassering dei to første rundane på begge banene. Det tyder på at det har kome ganske mykje nedbør. Dei vil helst ikkje ha gjørmete ballar der ute.

 

Det er meld mykje regn og vind i California. Dermed kan det kome forsinkingar og endringar. Vi oppdaterer på situasjonen undervegs!

 

Hovland slår ut 18:21 i lag med Patrick Cantlay.

 

Hei og velkommen til livedekninga av Hovland si opningsrunde i Pebble Beach Pro-Am.

Viktor Hovland