Søsken og konkurrentar – no skal dei til OL saman: – Ein draum
Oppdatert 19/07/2024 klokken 15:10 GMT+2
Sondre (25) og Simen Guttormsen (23) er brødre, konkurrentar, treningskameratar og kvarandre sine trenarar. No skal dei til OL i Paris i lag.
Skal delta i sitt første OL: – Spesielt
Video credit: Eurosport
- OL i Paris ser du på Max!
SKI/OSLO(Discovery):
Når OL i Paris går av stabelen vil to norske brør stå på startstreken: Sondre og Simen Guttormsen.
– Eg tenkte at det hadde vore sjukt kult å ha to brør i OL, så eg er veldig nøgd med at det gjekk, seier eldstebror Sondre Guttormsen til Discovery.
Under OL i Tokyo deltok Sondre, men denne gongen tek også veslebror følge. Sondre legg ikkje skjul på at dette OL-et blir noko meir spesielt:
– OL i 2021 var ein litt spesiell situasjon med covid-restriksjonar. No blir det heilt vanleg med tilskodarar på tribuna. Eg får i tillegg gjere det med veslebror, som blir ekstra spesielt, seier han.
Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/17/4005881-81255268-2560-1440.jpg)
Har kvalifisert seg til OL: – Var ein urealistisk draum
Video credit: Eurosport
Brødrene har heile livet vore aktive, og har testa ut blant anna turn, handball og friidrett. Ein sommar då dei var barn valde dei å prøve ut øvinga stavsprang.
– Ski Friidrett hadde ein stav borte ved stadion. Pappa tok oss med bort, og vi prøvde det nokre somrar, fortel eldste bror.
– Det å slenge seg over ei list med ein stav er ein artig øving når ein er sju år gamal. Vi meistra det, så då blei det meir og meir, legg veslebror Simen til.
Det skulle bli starten på eit idrettseventyr.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/01/06/3856257-78358068-2560-1440.jpg)
Spøkte om Guardiola: – Vi er jo kjent for dårlig humor
Video credit: Eurosport
– Ein draum
Begge to heldt fram med å utvikle seg innan friidrettsøvinga. Dei hoppa høgre og høgre, og hamna i toppen av noregseliten.
No er dei begge også kvalifiserte til OL i Paris.
Det er ikkje noko dei hadde sett for seg då dei valde å prøve ut øvinga ein sommar for fleire år sidan.
– Det har vore ein draum å kome til OL, men eg trur ikkje eg følte det var heilt realistisk før eg var rundt 18-19 år. Eg var ikkje den største, sterkaste og raskaste som liten, men eg har kome ein lang veg i alle fall, og ein lang nok veg til at eg står på startstreken. Det gjekk frå å vere ein urealistisk draum, til ein realistisk draum og no ei verkelegheit, fortel 23-åringen.
Heller ikkje far og trenar Atle Guttormsen hadde sett for seg at begge sonene skulle delta i OL.
– Å kvalifisere seg til OL er det råaste som finst. Det var ikkje akkurat det vi trudde då vi heldt på nede på bana for ti år sidan. OL var langt fram, seier han.
Han trur at grunnen til at dei begge har blitt så gode er på grunn av deira breie idrettsbakgrunn.
– Dei trena alle moglege ting: Handball, dans, fotball, ski blant anna. Dei begynte å hoppe stav tidleg, men det var berre ein av mange ting. Etter fylte 17 år har det vore ein ekstrem dedikasjon, seier faren.
Trenar kvarandre
Ikkje berre er dei brør og konkurrentar. Dei siste åra, medan dei har budd i lag i USA, har dei fungert som kvarandre sine trenarar, då faren har vore heime i Noreg.
– Vi kjenner kvarandre godt, ikkje berre personleg, men også innanfor trening. Vi har lært kvarandre sine utfordringar både teknisk og mentalt, som gjer at vi har blitt veldig gode trenarar for kvarandre, seier Sondre.
Då dei starta med stavsprang var det ingen av dei som hadde særleg peiling på øvinga.
– Vi har lest og sett alt av stav, og eg tør å påstå at dei er dei beste teknikktrenarane for kvarandre, seier faren.
Sjølv om begge to skal delta i OL, planlegg dei likevel å trene kvarandre der også.
– Sjølv om vi begge skal fokusere på oss sjølv, kjem vi til å snakke saman og gje kvarandre tips undervegs, seier eldstebror.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/15/image-5fd60ebe-e45c-494b-9d44-786155aaa869.jpeg)
Sondre og Simen Guttormsen er også trenarar for kvarandre. Her under Bislett Games tidlegare i år.
Foto: NTB
Mykje betydning
At dei har betydd mykje for kvarandre i karrieren er dei klare på:
– Eg trur eigentleg ikkje nokon av oss hadde klart å kome så langt som vi har gjort utan kvarandre. Eg trur det hadde vore tungt å satse så hardt og lenge utan å ha ein som er der kvar einaste dag og pusher deg, seier eldstebror.
Det seier yngstebror seg einig i:
– Vi har trena saman sidan vi var ti år. Eg føler vi trener best når vi trenar saman. Vi kjenner kvarande så godt, og det trur eg er veldig viktig i ei øving som stav.
- Les også: Dette er Norges medaljehåp i Paris
Mål om medalje
Når dei no skal konkurrere i OL har dei litt ulike mål.
– Målet mitt er medalje. Eg veit at om eg hoppar på det nivået eg har vore på mitt aller beste, då har eg sjans. Eg skal sjølvsagt ha dagen og alt skal gå bra, men eg har trua på at det skal vere mogleg, seier eldstebror.
For yngstebror sin del er finale hovudmålet. Det er 32 som skal delta, men berre tolv som skal til finalen.
– Om eg klarer det vil eg seie meg nøgd. Men ein veit at i stav er det veldig mange som ligg rundt det same nivået, så det handlar rett og slett om å ha ein god dag den dagen.
Ifølge far og trenar blir det kniving om finaleplassane.
– Av dei 32 som hoppar er det 26 av dei som normalt sett bør kome til finale. Det betyr at halvparten av dei som kan kvalifisere seg til finalen, ikkje kjem dit. Simen må prestere heilt optimalt for å kome seg dit, medan Sondre kjem til finalen om han hoppar slik han skal, seier faren.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/31/3979107-80757848-2560-1440.jpg)
Her popper Warholm en øl-flaske med superskoen
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame