Populære sporter
All sport
Vis alt

Store planar for Bislett Games: – Håper eg kan gje publikum noko spesielt

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 14/06/2023 klokken 22:24 GMT+2

Svenske Armand Duplantis ser ikkje vekk frå at han kan tangere sin eigen verdsrekord på Bislett.

– Verdsrekord er definitivt mogleg

OSLO (Disovery):
– Verdsrekord er alltid eit mål. Om alt går etter planen, så er det definitivt mogleg.
Det seier Armand Duplantis til Discovery i førekant av Bislett Games. Den svensk-amerikanske stavhopparen har tangert verdsrekorden heile seks gongar, men han har ikkje planar om å stoppe der.
– Eg har alltid eit mål om å utfordre meg sjølv litt etter litt. Eg har lyst til å i alle fall prøve på ein ny verdsrekord på Bislett.

Vil gje publikum noko spesielt

Stavhopparen har konkurrert på Bislett stadion fleire gongar, og ser alltid fram mot å konkurrere på arenaen.
– Sist år hadde vi veldig dårleg vêr, men det var framleis kjekt. Energien på stadion er framleis der, noko som forklarer kor fantastisk konkurranse det er. I år er det meldt bra vêr, så eg ser berre for meg kor mykje energi som er der inne, seier Duplantis.
Duplantis var fødd i USA med ein amerikansk far og ei svensk mor. Det gjer at han kjenner på ein spesiell tilknyting til Noreg.
– Det er jo ikkje heime sjølvsagt, men det er ei lillebror-kjensle der, og ein føler seg ikkje så langt unna heime. I USA drar ein til ein annan stat for å konkurrere, og det er jo ikkje det same å dra frå Sverige til Noreg, men ein får litt den same kjensla.
Bislett Games er heilt utselt, noko 23-åringen trur kan ha sin fordel.
– Eg veit at publikum kjem til å presse oss vidare. Dei vil sjå noko spesielt, så eg håper at eg kan gje dei noko spesielt.

Glad for å få konkurranse

I mars hoppa stavhopparen Sondre Guttormsen over den magiske seksmeter-grensa innandørs. Det la Duplantis merke til.
– Eg synest det er veldig kjekt at andre på min alder hopper over seks meter.
At det er fleire og fleire som kjem seg over den høgda, og som kan utfordre Duplantis, ser han på som positivt.
– Konkurranse er ein bra ting. Eg liker å konkurrere og utfordre meg sjølv, og om det er folk ved sidan av meg som kan vere med på å utfordre meg til å gjere større ting, så trur eg det er eit pluss for alle.
– Sporten er i veldig gode hender dei neste åra, seier Duplantis.
Fått med deg denne?
picture

Hør svenskene ta av når de kommenterer gulløpet: – Det norske fenomenet

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame