Populære sporter
All sport
Vis alt

Nærmar seg VM-avreise: – Dei er litt revansjelystne

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 18/06/2023 klokken 17:03 GMT+2

Etter fjorårets EM i fotball, er det ein revansjelysten gjeng som drar nedover til Australia og New Zealand 4. juli.

4. juli reiser Hege Riise og det norske fotballandslaget til VM.

Foto: NTB

– Eg føler ikkje at spelarane er prega av det, men at dei heller er litt revansjelystne, nøktern og optimistiske.
Det seier Hege Riise om EM i 2022, til Discovery.
Under fjorårets EM fekk Noreg ein tidleg exit. Fleire av spelarane var spesielt prega etter marerittkampen mot England, der dei gjekk på eit 8-0 tap. Riise fortel at fjoråret sit godt i ryggmergen på spelarane, når dei no drar nedover for verdsmeisterskapet i New Zealand og Australia.

Mål om å vinne puljen

4. juli er datoen for avreise til New Zealand, der Noreg skal spele alle kampane sine i gruppespelet. I gruppespelet møter dei New Zealand, Filippinene og Sveits.
– Målsetjinga vår er å vinne puljen, seier Riise.
Vegen vidare vil då vere knockout, der dei kjem til å møte gruppe C, med Spania, Costa Rica, Zambia og Japan.
– Sannsynet for at vi møter anten Spania eller Japan er veldig stor, og det er jo ein nøtt, fortel landslagstrenaren
– Eg trur spelarane kjenner på optimisme i det vi har levert, legg Riise til.

Tar ut troppen måndag

Troppen som drar nedover er endå ikkje tatt ut, men på måndag blir uttaket til Riise klart.
– Vi diskuterer stort sett kvar dag, og endrar og flyttar på ting heile tida, seier Riise i førekant av uttaket.
Ifølgje trenaren er det mange spelarar å velje mellom.
– Eg føler vi har alle tilgjengeleg. Vi kan stort sett velje blant skadefrie spelarar.
Det er knytt mykje spenning opp mot uttaket, spesielt blant spelarane.
– Det er sjølvsagt spenning blant spelarar i eit uttak. Det er kvardagen ein lev i, i det konkurransebildet her, seier Riise.
picture

Det vart ein tung kamp mellom England og Noreg under fotball EM i 2022. No er spelarane revansjelystne.

Foto: NTB

Gode minner frå Sydney

Finalen i verdsmeisterskapet blir spelt i Sydney, ein by Riise sjølv har svært gode minner frå. Det var nemleg her ho vann OL-gull i 2000.
– Det hadde vore gøy med ein reunion i Sydney, seier Riise og ler.
Ettersom meisterskapet blir spelt i New Zealand og Australia, vil det vere ein lang reiseveg for publikum, og store tidsforskjellar.
– Når det kjem til publikum, vil eg tru det er ganske få som reiser over. Tidsmessig vil jo det vere frokostkampar her heime, og det kan jo vere greitt, spesielt for bedrifter.
For spelarane betyr dette ei lang reise, og dei må også snu døgnet.
– Det er mange lag som skal reise langt, men slik er det jo for Australia og New Zealand kvar gong det er i Europa, så å bygge litt utover verda er kanskje lurt.
Fått med deg denne?
picture

Solbakken røper landslagsdetaljer: – Noen som sniker seg ut

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame