Fleire verdsstjerner i troppen: – Vi har fleire enn tre gode spelarar
Publisert 18/07/2023 klokken 22:05 GMT+2
Sjølv om store delar av spelarane har vunne titlar våren før VM, trur Ada Hegerberg og Guro Reiten at det er andre faktorar som er viktigare.
Guro Reiten.
Foto: NTB
– Det handlar om å jobbe hardt med kvarandre heile tida, og om å leie eit lag med den erfaringa dei beste spelarane har.
Det seier Ada Hegerberg ei veke før VM blir blåst i gong i Australia og New Zealand.
Må skilje klubbsuksess og meisterskap
Av spelarane i troppen, har over ein tredjedel vunne liga- eller cupgull denne våren. Hegerberg trur likevel ikkje at klubbsuksess er einstyda med suksess i eit meisterskap.
– Kvar individuell suksess er eit pluss for eit landslag, og ein vinnarerfaring er viktig å dra inn i eit lag. Samtidig må ein ha forståing for at klubb og landslag er to vidt forskjellige arena, og eg trur ting fungerer veldig annleis i forhold til kva ein er vand med i kvardagen.
Hegerberg utdjupar at rollen ein har i ein klubb kanskje kan bli annleis på eit landslag. Tida vil vise om alle har funnet rolla si på landslaget.
– Det veit vi aldri før vi «kicker» i gong meisterskapet. Det er noko som er i konstant arbeid, og som vi jobbar med kvar dag.
Lyon-spelaren trur det viktigaste er at alle har forståing for kvarandre og si rolle.
– Spelarane må erkjenne rolla si, og kva den går ut på, slik at vi heile tida skal kunne dra dei individuelle kvalitetane inn til eit sterkt kollektiv.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/07/13/3743309.jpg)
Ada Hegerberg.
Foto: NTB
– Fleire enn tre gode fotballspelarar
Guro Reiten meiner også at det er viktig å bli samspelt som lag.
– Fotball er eit lagspel, og det vi skal gjere under VM skal vi gjere saman. Vi må prøve å få det beste ut av kvar enkelt spelar, så er alt mogleg, seier ho.
Reiten og Hegerberg har, i lag med Caroline Graham Hansen, blitt omtalt som ein stjernetrio, men Reiten meiner at det er fleire gode namn i troppen:
– Vi har fleire enn berre tre gode fotballspelarar. Vi har 23, spør du meg.
Chelsea-spelaren meiner dei må bruke tida fram mot opningskampen bra, for at laget skal få maksimalt ut av angrepstrioen.
– På dette nivået her kjem vi nok ikkje til å skape altfor mange sjansar, men vi må vere ekstremt skarpe når vi får den. Vi må bruke tida på å lære kvarandre å kjenne. Vi kjem frå ulike klubbar og kvardagar, og det tar tid å vite kva kvar enkelt ønsker og vil, og spele kvarandre god.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/07/12/3742784-76145608-2560-1440.jpg)
Kjem med humoristiske stikk til Bakke: – Det driter eg i
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame