Fleire spelarar ut mot eige forbund: – Ekstrem respekt for dei

Eurosport på Google

Stadig fleire spelarar har sagt at dei ikkje vil akseptere delar av sine forbund sine opplegg. Ada Hegerberg har stor respekt for dei som står opp for idretten.

Ada Hegerberg.

Foto: NTB

– Vi skulle gjerne vore forutan dette, men vi er ikkje på ein stad der vi ikkje har desse situasjonane her.
Det seier Ada Hegerberg på ein pressekonferanse i førekant av VM i New Zealand og Australia.
Før VM var det fleire spelarar i ulike nasjonar som takka nei til landslagsplass, fordi dei er ueinig med delar av forbunda sine opplegg.
– Uansett nasjonalitet, bakgrunn eller forbund, så er det dei same utfordringane vi står ovanfor. Du ser ein samanheng, og ein raud tråd, seier fotballspelaren.

– Siste ein spelar vil

Hegerberg fortel at ho synest det er trist at spelarane er tvungne til å ta slike val.
– Det er det siste ein spelar vil ta som avgjerd, men vi ser verda rundt at folk står ovanfor dei same utfordringane.
Det spanske landslaget stiller til VM utan mange av sine mest talentfulle spelarar. I september 2022 ville 15 spelarar trekke seg frå landslaget samtidig, med mindre det blei gjort endringar. Nokre av desse er med til Australia og New Zealand, medan fleire framleis står utanfor laget.
– Vi ønsker å ha dei beste spelarane i verda disponibel til ein kvar tid. Samtidig har eg ekstremt respekt for dei kvinnene som står opp for seg sjølv og for fotballen sin, seier Hegerberg.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Nornes om Bakke-ansettelsen: – De har vært på jobb

Video credit: Eurosport

Spelarane går i bresjen

Ettersom fleire og fleire spelarar seier frå om dårlege forhold, meiner 28-åringen at det begynner å bygge seg opp ei større forståing bak dei vanskelege avgjerdene.
– Det vil likevel ikkje seie at det gjer situasjonane enklare for spelarane.
Sjølv om ho trur at endring er avhengig av at spelarane og aktørane står opp og seier i frå, synest ho det er dumt at det er nettopp dei som er nøydde til å ta kampen:
– Nok ein gong er det spelarane som går i bresjen for ei endring. Det skulle vore folk på mykje høgare hald som skulle gjort jobbane sine betre, seier ho.

Dominoeffekt

Lyon-spelaren valte sjølv å seie nei til landslagsplass i 2017. Ho er usikker på om det at ho stod fram, har vore til inspirasjon for andre.
– Eg stod veldig åleine på den tida, og det er det mange andre damer som har gjort i sin tid, før meg. I dag begynner det å nesten bli litt dominoeffekt.
Landslagskamerat Tuva Hansen trur Hegerberg har vore med på å forma idretten.
– Ho gir beskjed om ting skal bli betre. Sjølvsagt har ho vore med på å forme det og gjort det betre, ut frå hennar verdiar, seier Hansen på pressekonferansen.
Fått med deg denne?
picture

Se annulleringen som fikk spillerne til å reagere

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame