Populære sporter
All sport
Vis alt

Kan ikkje love at stjernespissen er med vidare: – Er lause førespurnadar

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 09/01/2024 klokken 18:15 GMT+1

Andrej Ilić kan forsvinne frå Vålerenga, om klubben får den summen dei vil ha.

Sportssjefen ordknapp om stjernespissens fremtid: – Den er tøff

Vålerenga rykka ned til OBOS-ligaen etter to dramatiske kvalikkampar mot Kristiansund. Etter nedrykket har det vore spekulert i kva spelarar som blir i klubben.
I eit intervju med klubben opnar sportssjef Joacim Jonsson opp om situasjonen i troppen.

Kan selje stjernespiss

Andrej Ilić er det aller heitaste salsobjektet. Sportssjefen seier at han forstår at folk spekulerer i om han kan vere med ned i OBOS-ligaen.
– Det kan han. Han har avtale med oss til 2027, så vi sit med begge henda på rattet. Men vi må vere audmjuke og seie at han er den spelaren hos oss per i dag med den største verdien. Det er klart at han er attraktiv for fleire klubbar, seier Jonsson i eit intervju med klubben.
Jonsson fortel vidare at det ikkje ligg nokre konkrete tal på bordet per i dag for stjernespissen, men at det er nokre lause førespurnadar.
– Eg kan ikkje sitje her og love at Andrej Ilić speler sesongopninga mot Sogndal. Men blir han selt, så skal eg love at det ikkje blir for nokre småpengar. Vi kjem til å ta betalt som ein eliteserieklubb. Får vi ikkje det, så blir han ikkje solgt. Så enkelt er det.
Allereie etter kampen mot Kristiansund varsla Jonsson at det ville bli utskiftingar i troppen.
– Økonomien er annleis i OBOS-ligaen samanlikna med Eliteserien, så spelerlogistikken vil det naturlegvis bli jobba med i desember og januar. Det vil sikkert bli nokre forandringar og utskiftingar i stallen, sa Jonsson til Discovery etter nedrykket.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Borchgrevink: – Har ikke tenkt å forlate det synkende skipet

Ikkje ny kontrakt

Klubben har allereie gjort nokre endringar. I starten av januar tilsette dei Petter Myhre som assistenttrenar.
Nyleg signerte også Christian Borchgrevink ny kontrakt med klubben. Han var ein av tre spelarar som hadde ei kontrakt som gjekk ut ved årsskiftet.
Fredrik Oldrup Jensen si kontrakt gjekk også ut i slutten av 2023. Han har ikkje blitt tilbydt ny kontrakt per dags dato, ifølge Jonsson.
Discovery har forsøkt å nå Jonsson for ein kommentar rundt situasjonen på Oldrup Jensen, utan å lykkast.
Fått med deg denne?
picture

Bakke beklager: – Det er mitt ansvar

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame