Populære sporter
All sport
Vis alt

Ny cupbombe: Viking slått ut

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 08/05/2024 klokken 21:48 GMT+2

Fleire eliteserielag er ute av cupen.

Levanger er vidare i cupen.

Foto: NTB

  • Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strømmetjenesten Max! 
1. divisjonslaget Levanger stod for onsdagens største cupbombe då dei slo ut Viking.
– Det er deilig, for eit lag vi er. Vi gjer jobben heile tida, og til og med når dei scorar, klarer vi å kome tilbake. Eg trur at dette laget kan få til mykje, sa 2-1-scorar Sanel Bojadzic til NRK.
Laga hadde ikkje spelt eitt minutt før heimelaget tok leiinga. Etter 15 minutt utlikna Viking, og laga gjekk til pause på stillinga 1-1.
Begge laga fekk ei scoring etter pausen, og dermed måtte dei ut i ekstraomgangar. Der scora Levanger heile to mål, og vann til slutt 4-2.
Viking drog så på seg to utvisningar. To minuttar etter Levanger si siste scoring vart Djibril Diop vist det raude kortet, før Gianni Stensness fekk det same etter kampslutt.

Dramatisk i hovudstaden

I Oslo fekk Vålerenga ei draumeopning på cupkampen mot HamKam. Etter berre fire minutt sendte Elias Hagen heimelaget opp i leiinga med eit skot frå 18 meter.
I det 22. speleminutt dobla Magnus Riisnæs leiinga. Han fekk ballen på midtbanen, og derifrå kom han seg forbi fleire HamKam-spelarar før han plasserte ballen i mål frå skrått hald.
Like etter kvilen vart det derimot tungt for heimelaget då Aaron Kiil Olsen sendte ballen i eige mål. Tre minutt på overtid utlikna HamKam og sikra med det ekstraomgangar. Der vart det sjansefattig, og kampen vart avgjort med straffekonkurranse.
Under nedrykkskampen mellom Vålerenga og Kristiansund BK enda også kampen med straffekonkurranse. Der bomma Vålerenga-kaptein Christian Borchgrevink, og nedrykket vart eit faktum. Mot HamKam fekk han revansjen sin. Hadde han bomma, hadde Vålerenga vore ute.
– Det blei litt flashbacks. Ein lærer av feila sine, så eg er glad for at eg fekk moglegheita til å slukke den brannen og gløyme det spøkelse. Eg har tenkt så mykje på straffespark sidan 10. desember, så eg visste akkurat kva eg skulle då eg gjekk fram dit, sa Borchgrevink til NRK.
Fidel Brice Ambina sat den avgjerande straffa som sikra kvartfinaleplassen til Vålerenga.
Sigeren over HamKam var Oslo-laget sin tredje strake siger. Sist veke slo dei Tromsø ut av cupen.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Fekk endeleg spele derbyet: – Stort


Frå heilt til syndebukk

Sarpsborg 08 gav fjorårets cupvinnarar ein ordentleg kamp onsdag, men Molde klarte til slutt å ta seg vidare.
Etter 32 spelte minutt gjekk Sarpsborg 08 opp i leiinga, og kunne gå til pause med ei 1-0 leiing.
Då laga returnerte etter pausen tok det ikkje lang tid før Molde utlikna, men bortelaget slo tilbake minuttet etterpå og Sondre Ørjasæter sendte Sarpsborg 08 opp i leiinga igjen.
Så vart det heilmørkt for Sarpsborg 08. Ørjasæter fekk to gule kort på elleve minutt og fekk marsjordre. Dermed måtte laget klare seg med ein mann mindre ut kampen, noko som viste seg å bli svært tøft.
Etter elleve minutt med ein mann i overtal utlikna Molde, og berre fire minutt seinare tok dei leiinga på frispark, 3-2.
Molde gav seg ikkje der. Med ni minutt igjen av ordinær tid sat Eirik Hestad Molde sitt fjerde mål for kvelden. Dermed er dei vidare i cupen.

Målrike kampar

Mellom Raufoss og Fredrikstad vart det svært målrikt. Bortelaget gjekk opp i leiinga etter ti minutt, og berre to minutt seinare utlikna Raufoss då 17-åringen Torjus Engelbakk limte ballen i krysset frå 17 meter.
Fredrikstad scora nok eit mål i det 23. minutt, men heller ikkje denne gongen tok det lang tid før Raufoss utlikna: Fire minutt seinare stod det 2-2.
Tidleg inne i andreomgang tok Fredrikstad tilbake leiinga etter scoring frå Brandur Hendriksson. Det vart den siste scoringa frå kvelden.
Stabæk hadde også eit målshow mot Bryne. Dei vann til slutt 5-1 etter tre scoringar på seks minutt.
Lysekloster var svært nær ein sensasjon mot eliteserielaget KFUM Oslo. 2. divisjonslaget fekk ei scoring heilt på tampen av kampen, og leia 2-1. KFUM Oslo utlikna derimot med tre minutt på overtid, og laga måtte ut i ekstraomgongar. Etter 114 spelte minutt sat Simen Hestnes spikaren i kista for Lysekloster.
Fått med deg denne?
picture

Jakter revansj: – Mer sulten enn jeg var forrige gang



Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame