Populære sporter
All sport
Vis alt

Kjem med Hovland-ønske: – Kler han ikkje i det heile tatt

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 08/05/2024 klokken 13:36 GMT+2

Viktor Hovland har ikkje fått det til å stemme heilt på golfbana så langt i år. No gjer han turneringscomeback i Wells Fargo Championship, og der har Discoverys golfkommentator trua på at det skal lausne for nordmannen.

Hovland: – Det er der jeg har mistet det mest

Den norske golfstjerna er tilbake i aksjon denne helga etter ei turneringspause. Ekeberg-guten har ikkje spelt ei turnering sidan Masters i starten av april. Då enda nordmannen opp med å misse cuten for første gong på nesten to år.
Hovland har tidlegare vore open om at han ikkje vil spele turneringar når spelet ikkje sit slik det skal. Då vil han heller bruke tida på trening.
Når han no returnerer på touren meiner Discoverys golfkommentator Per Haugsrud at det er lov å forvente store ting.
– Han veit jo kva han driv med. Det er skuffande at han ikkje har spelt betre dei gongane han har møtt opp, men no har han fått nokre veker til på seg. Eg forventar at han har gjort heimeleksa si. Han er jo ikkje ein som legg seg på latsida, så han har sikkert elefanthud i henda etter treninga no.

Kan lausne

Haugsrud ser ikkje vekk frå at det no plutseleg kan lausne for nordmannen.
– Når er ein er på hans nivå, så er det vanleg at ein får ein periode der det går litt dårlegare, så lausnar det plutseleg. Det kan skje denne veka her, og då kan han få ein kjempesommar der han vinn eit par turneringar og er i toppen, seier han og held fram:
– Det lausnar no. Det må berre det. Vi vil ha tilbake Hovland-smilet no, ikkje ein som er småamper. Det kler han ikkje i det heile tatt.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Hovland-utbrudd på direkten: – Sjukt hvor jævla dårlig i golf du er!

Ute etter godfølelsen

Hovland har tidlegare gode erfaringar frå Wells Fargo-turneringa. I 2021 vart han nummer tre. Haugsrud trur likevel ikkje at plasseringa i årets turnering vil ha noko å seie for sjølvtilliten til Hovland i tida framover.
– Vi dødelege snakkar gjerne om resultat, men det bryr ikkje han seg om. Han kan sjølv seie i intervju at han er kjempefornøgd med 72 slag og ein 42. plass, men så gjer han det fire slag betre i neste runde, og er ikkje fornøgd fordi svingen ikkje sitter heilt. Han er ute etter følelsen, så kan resultatet blir som det blir.
Dermed vil ikkje kommentatoren bli bekymra om Hovland hamnar langt bak teten etter helgas turnering.
– Ein kan leve fint om det går halvdårleg. Då må han spele fleire turneringar, og så blir det bra til slutt. Det er mange gode veker og månadar og glede seg til, så eg er ikkje bekymra.

Viktig turnering etterpå

Turneringa er også ei god moglegheit til å finne forma før årets andre major, PGA Championship, som startar veka etterpå.
Likevel trur ikkje Haugsrud at Hovland stiller opp til turneringa med PGA Championship i bakhovudet.
– No føler han seg klar. Han ville ikkje stilt opp om han ikkje var heilt klar, så det må ein jo berre rekne med at han er.
Hovland har stått over RBC Heritage, Zurich Classic og CJ Cup Byron Nelson så langt i år, og står berre med sju turneringstartar denne sesongen.
Om han ikkje får den følelsen han leitar etter i dei komande turneringane, meiner golfkommentatoren at Hovland må skifte taktikk.
– Då må han gå i seg sjølv littegrann. No har han køyrt eit program der han ikkje speler turneringar. Viser det seg at det ikkje går, då må han endre og prøve å spele seg i form gjennom fleire turneringar på rad.
Haugsrud trur at ein kjem til å sjå tilbake på denne tida med humor om litt.
– Om kort tid kan vi le av dei månadane han har hatt no. Når han løfter trofear og smiler kjem vil til å seie: «Haha, hugsar du då vi var bekymra for Viktor i den dårlege perioden?».
Sett denne?
picture

Hovland med fullstendig hodemist: – Da er vi ferdig


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame