Populære sporter
All sport
Vis alt

LSK hentar landslagsspelar

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 26/03/2024 klokken 10:46 GMT+1

LSk har blitt einige med Djurgården om ein låneavtale.

Felix Vá.

Foto: Getty Images

25 år gamle Felix Vá blir LSK-spelar i alle fall fram til sommarvindauget.
Det stadfestar klubben i ei pressemelding. Avtalen kjem med opsjon på kjøp.
– Det er ei stor glede å vere her i ein så stor klubb. Det er ein god moglegheit for meg til å nye fotball, og hjelpe laget, seier fotballspelaren.
Vingen speler til vanleg i Djurgården, der han har vore sidan sommaren 2023. Der har det blitt 11 kampar og to mål. Før det spelta han i Apol Limassol på Kypros.
Ifølge sportssjef Simon Mesfin kan LSK-fansen glede seg over ein svært rask fotballspelar.
– Han kjem med mange fine offensive kvalitetar, spesielt det med å utfordre motstandaren éin mot éin. Det kan bli ganske artig på Åråsen, seier Mesfin.
Vá legg ikkje skjul på at farta er ein av kvalitetane hans.
– Eg er rask. Du får sjå det på bana, svarar han på spørsmål om kor rask han er.
25-åringen har 33 A-landskampar for Angola.
LSK serieopnar mot Kristiansund heime 1. april.
Sett denne?
picture

Har vist seg fram i klubben: – Eg nyt det

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame