Populære sporter
All sport
Vis alt

Stjerneskotet har hatt draumemånadar: – Hadde ikkje forventa det

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 26/03/2024 klokken 09:17 GMT+1

Mykje har skjedd i klubbsituasjonen til Oscar Bobb sidan sist gong han spelte med flagget på brystet.

Har vist seg fram i klubben: – Eg nyt det

STORO (Discovery):
Oscar Bobb har hatt nokre eventyrlege månadar den siste tida.
Sidan førre landslagssamling, der Manchester City-spelaren scora sitt første landslagsmål, har Bobb starta sin første kamp i Premier League, starta to Champions League-kampar og vist seg ekstra fram då han vart matchvinnar mot Newcastle i januar.
– Det har vore veldig hyggeleg. Eg har nytt det. Det har vore mange nye opplevingar, og veldig mange kule, seier Bobb til Discovery.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Fikk drømmen oppfylt: Her blir «Svennis» hyllet på Anfield

Uforventa

Nordmannen er berre 20 år gamal, men har likevel spelt seg opp til å vere ei brikke og ein bidragsytar i ein av verdas største klubbar som kjempar på tre frontar: Premier League, Champions League og FA-cupen.
Oslo-guten legg ikkje skjul på at situasjonen er spesiell.
– Det er kult. Eg hadde ikkje forventa å vere i den situasjonen eg er i, men det er samtidig noko eg verkeleg har jobba for, seier Bobb.
Sjølv om han ved fleire anledningar kan skrive på speleminutt for City, er han langt i frå mett.
– Eg trur alle spelarar vil spele meir, og det vil jo eg også. Eg er glad for å vere der eg er, men eg vil jo ha endå meir.

Stor konkurranse

Der har berre gått fem månadar sidan Bobb vart tatt ut på landslaget, men han har allereie klart å etablere seg der. Fredag fekk han starte nok ein landslagskamp for Noreg.
– Det er gøy det også. Det er jo ein draum å spele for landslaget.
Og det skal ikkje stå på konkurransen på posisjonen. 20-åringen kjempar nemleg mot spelarar som Antonio Nusa, Aron Dønnum og Alexander Sørloth, der sistnemnte står med 52 tal landskampar. I tillegg kan spelarar som Jørgen Strand Larsen og Mohamed Elyounoussi spele på Bobb sin posisjon.
– Det er veldig kult. Det er veldig mange bra spelarar her. Sjølvsagt vil ein spele så mykje som mogleg, men samtidig vil ein at laget gjer det bra.
Tysdag møter Noreg Slovakia i ein privatlandskamp på heimebane. Om Ståle Solbakken vel å gje 20-åringen fornya tillit i startellevaren står igjen å sjå.
Fått med deg denne?
picture

Har ikkje spelt mykje fotball dei siste vekene – fekk likevel plass i landslagstroppen

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame