Skadeforfall for fleire landslagsspelarar – erstattarane er klare
Publisert 10/11/2023 klokken 16:21 GMT+1
Det bekreftar Noregs fotballforbund i ei pressemelding.
Antonio Nusa.
Foto: Getty Images
Fleire spelarar melder forfall til den komande landslagssamlinga der Noreg skal møte Færøyene og Skottland.
– Osame Sahraoui, Ørjan Håskjold Nyland og Antonio Nusa må dessverre melde forfall til dei komande landskampane grunna skader, skriv forbundet i ei pressemelding.
Landslagssjef Ståle Solbakken hentar inn Aron Dønnum, Mohamed Elyounoussi og Viljar Myhra som erstattarar.
– Vi visste at Ørjan var usikker då vi tok ut troppen, og no viser det seg at han treng meir tid før han er klar for spel. Antonio slit med den same skada han har hatt før. Det same er Osame som skada seg på trening.
– Forfalla gjer at vi hentar inn Viljar, som har stått bra for Strømsgodset den siste tida. Aron har fått mykje speletid og vist god form, medan Moi har hatt ei fin stigning i haust og prestert bra i Champions League, seier Solbakken i pressemeldinga.
Om Martin Ødegaard melder forfall er endå ikkje avklart.
– Vi ser an situasjonen. Blir det slik at han må melde forfall, vil det ikkje bli kalla inn erstattar for han, då dette blei tatt høgde for i uttaket, seier landslagssjefen.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/11/10/3822998-77692888-2560-1440.jpg)
Scoret sine første mål i Europa League: – Utrolig stolt
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame