Populære sporter
All sport
Vis alt

Desse laga møter kvarandre i kvartfinalen og semifinalen i cupen

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 08/05/2024 klokken 22:12 GMT+2

Trekninga vart annonsert onsdag kveld.

Regjerande cupmeister Molde møter anten Lillestrøm eller Strømsgodset i kvartfinalen av cupen.

Foto: NTB

  • Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strømmetjenesten Max! 
Onsdag vart dei første kvartfinalelaga klare, og like etterpå vart trekninga for dei komande kampane gjort.
Vålerenga har slått ut to eliteserielag på vegen til kvartfinalen: Tromsø og HamKam. I neste runde får dei bryne seg på nok eit lag frå Eliteserien når Fredrikstad kjem til Intility Arena.
Sandnes Ulf møter Levanger som har slått ut både Brann og Viking.
Regjerande meister Molde kjem til å møte vinnaren av torsdagens oppgjer mellom Lillestrøm og Strømsgodset.
Den siste kvartfinalen er mellom Stabæk og KFUM Oslo.
Samtidig som kvartfinalane vart trekt vart også semifinalekampane trekt.
Laget som vinn oppgjeret mellom Molde og Lillestrøm/Strømsgodset møter vinnaren av kampen mellom Sandnes Ulf og Levanger i semifinalen.
Vinnaren av oppgjeret mellom Fredrikstad og Vålerenga møter vinnaren av kampen mellom Stabæk og KFUM Oslo.
– Molde er noko ein vil unngå, og det gjorde vi. Ein draum vil vere å slå ut Fredrikstad og ha «Kåffa» i ein semifinale. Det hadde vore veldig deilig, sa VIF-kaptein Christian Borchgrevink under NFF si trekning.
Kvartfinalekampane blir spelt 6. oktober, medan semifinalane går 30. oktober. Enkelte kampar kan bli flytta éin dag.
Finalen blir spelt på Ullevaal Stadion 7. desember.
Sett denne?
picture

Fekk endeleg spele derbyet: – Stort





Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame