Pogba ankar dopingdommen: – Lei meg og knust
Oppdatert 29/02/2024 klokken 15:17 GMT+1
Fotballstjerna testa positivt på ei dopingprøve i haust.
Paul Pogba
Foto: Getty Images
- Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play
Fleire italienske aviser, blant anna La Gazetta dello Sport og La Repubblica, skriv at Paul Pogba sin dopingdom er klar.
30-åringen blir utestengd i fire år, ifølgje dei italienske avisene.
Pogba bekreftar på Instagram at han er informert om dommen, men meiner den er feil. Han skriv at han ikkje har tatt noko som bryt med antidopingreglane.
– Eg er lei meg, sjokkert og knust over at alt eg har bygd i karrieren min har blitt tatt vekk frå meg, skriv fotballspelaren på Instagram.
Utestenginga er i tråd med påtalemyndigheita for antidoping i Italia sitt forslag. Fire år er den maksimale utestenginga for dopingsaker i italiensk idrett.
Pogba kan anke til idrettens valdsgift (CAS). På Instagram skriv han at han vil bruke den retten.
Juventus-spelaren testa positivt for testosteron etter ein kamp mot Udinese i august, der han sat på benken gjennom heile kampen.
Etter at A-prøven viste positivt for doping, bad franskmannen om ein ny analyse. B-prøven viste same resultat.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/02/15/3886953-78971988-2560-1440.jpg)
Mistenker kampfiksing: – Ikke usannsynlig
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame