Jon Rahm sendte melding til Tiger Woods før kontroversiell overgang til LIV Golf – fekk ikkje svar

Eurosport på Google

Då Jon Rahm bestemte seg for å melde overgang til LIV-golf sendte han først ei melding til nokre av golfkollegaene sine. Den meldinga var det ikkje alle som svarte på.

Jon Rahm

Foto: Getty Images

  • Følg The Classic in the Palm Beaches på discovery+ torsdag til søndag!
I desember meldte Jon Rahm overgang til LIV Golf. Det var ein overgang som ikkje fall i god jord hos alle.
Ifølge den spanske golfstjerna sendte han ei melding til blant anna Rory McIlroy og Tiger Woods.
Sistnemnde støtta Rahm, men Woods skal ikkje ha svart på meldinga, ifølgje spanjolen.
– Rory har støtta avgjerda mi offentleg og privat. Tiger? Ikkje heilt. Eg skreiv til Tiger og andre som kontakta meg i prosessen før eg signerte. Eg ville berre fortelje han at det var ei personleg avgjerd, og at eg ikkje har noko i mot nokon, sa Rahm til ESPN.
Woods har vore tydeleg imot LIV Golf då han meiner at touren blant anna har lokka med seg nokre av dei beste golfspelarane i verda på grunn av store summar pengar.
– Eg hadde loge om eg sa at kompensasjonen ikkje var ein stor del av overgangen. Eg får meir for å spele den same sporten eg har spelt, og har også meir tid. Eg veit ikkje kva andre folk synest, men det høyrast bra ut for meg, sa Rahm til den amerikanske TV-kanalen.
picture

Tiger Woods skal ikkje ha støtta Jon Rahm si avgjerd om ein overgang til LIV Golf.

Foto: Getty Images

Ifølgje Wall Street Journal skal LIV-kontrakten til spanjolen liggje ein stad mellom 450-600 millionar dollar. Det er omtrent 4,9 til 6,5 milliardar norske kroner i dagens kurs.
LIV Golf blei starta i 2021, men hadde sin første sesong i 2022. Touren fekk mykje kritikk fordi Saudi-Arabia blir skulda for å bruke touren som eit verktøy for sportsvasking.
Discoverys golfekspert, Marius Thorp, har tidlegare kalla ein LIV-overgang for spanjolen eit kjempetap.
– Eit kjempetap for PGA-touren. Rahm er ein av de mest populære på touren. Han er ein skikkeleg profil og ei superstjerne.
Sett denne?
picture

Kaster kølla i frustrasjon: – Det sier det meste

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame