Pogba avla positiv dopingprøve

Paul Pogba har testa positivt for doping ifølge fleire italienske nyheitsmedium.

Paul Pogba.

Foto: Getty Images

• Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play.
Juventus bekreftar at Paul Pogba er midlertidig suspendert på grunn av ein dopingtest. Det same gjer det italienske antidopingsbyrået.
Vidare skriv klubben at dei vurderer kva dei skal gjere vidare i saka.
Den italienske avisa La Gazzetta dello Sport skriv at midtbanespelaren testa positivt for testosteron etter Serie A-opninga.
Juventus-spelaren sat på benken under heile 3-0 sigeren mot Udinese 20. august. I etterkant skal han ha avlagt ei dopingprøve.
Ifølge Sportmediaset har han tre dagar på seg til å be om ei ny analyse av prøva. Om den positive prøva blir bekrefta på nytt, vil han bli straffa av den nasjonale antidopingdomstolen.
Pogba har ikkje uttalt seg om saka.
Sett denne?
picture

– Forrige gang stemte 90 % av landslaget Venstre etter hans branntale

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame