Populære sporter
All sport
Vis alt

Endra seg etter kritikkstormen: – Heile nasjonen syntest eg var ein idiot

Oppdatert 12/03/2024 klokken 14:27 GMT+1

EM i januar vart ikkje slik handballandslaget hadde håpa på. Det gjorde at noko endra seg i landslagssjef Jonas Wille.

Opnar opp om dagane etter meisterskapet: – Sov mykje

  • Følg OL-kvalikken til handballherrane på discovery+ torsdag til søndag
Noreg leverte eit svakt EM i Tyskland, og enda til slutt på ein 9. plass. Både undervegs i meisterskapet og etter den siste kampen var spelt, stilte fleire spørsmål rundt Jonas Wille si leiing, og om han kunne halde fram som landslagssjef.
Aldri før hadde 47-åringen opplevd så mykje kritikk retta mot seg.
– Eg fekk merke korleis det var å stå i det, og at «heile nasjonen» syntest eg var ein idiot. Det var ei ekstrem oppleving, fortel Wille til Discovery.
Sjølv om han prøvde å halde seg unna å lese det som stod i aviser og sosiale medium, forstod han likevel kva folk meinte.
– Om ein sveipar innom Facebook skal det ikkje mange sekund til før ein forstår kva folk meiner om deg. Ein merkar jo det også på spørsmål frå journalistar, og ein får melding frå folk heimanfrå som seier «ikkje bry deg om kva som står».

– Meir uredd

Dagane etter meisterskapet måtte han ta avstand frå jobben.
– Eg hadde eit par dagar der eg sov mykje og ikkje orka å snakke med folk, men ein kjem ikkje vidare av å stirre i taket. Måten min for å kome seg vidare er å jobbe med nye ting, så det var godt å begynne med evaluering, snakke med spelarane og jobbe med noko konkret.
Han legg ikkje skjul på at meisterskapet var slitsamt.
– Det er klart at det var det. Som leiar må ein tenke at det her var ei ekstremerfaring, og ein blir ikkje noko dårlegare leiar av det.
For Wille sin del var det heller tvert i mot. Etter meisterskapet opplevde han at noko har endra seg i han.
– Den massive kritikken har gjort at eg har blitt mindre redd for kritikk, fordi det blei på ein måte slått hol i ein byll. Eg er meir uredd når det først har skjedd. Sjølvsagt skulle eg helst ønske at det ikkje skjedde, for eg vil levere, men når det først har skjedd, så håpar eg at både leiarteamet og spelarane kan vakse på det, seier landslagssjefen og held fram:
– Kritikken har ikkje ført til at eg tviler på meg sjølv. Eg står støtt i det, sjølv om det ikkje er gøy å merke at «alle» synest du er elendig. Eg merkar berre at eg har takla det.
  • Følg OL-kvalikken til handballherrane på discovery+ torsdag til søndag

Skal ut i kvalifisering

No skal handballandslaget ut i ei OL-kvalifisering. Wille håpar dei tar i bruk erfaringane dei har tillært seg under og etter EM.
– Eg håpar vi får starta litt på «scratch» og at det har gjort oss meir offensive.
Noreg møter Tunisia, Ungarn og Portugal i kvalifiseringa.
– Vi møter jo to lag som hamna framfor oss i meisterskapet: Portugal og Ungarn. Dei kjenner vi relativt godt, og dei er omtrent på vårt nivå. Det gjer at alt kan skje. Vi møter også Tunisia som vi ikkje kjenner så godt, som vi har å kvile på, seier Wille.
Sett denne?
picture

Blir eit ekstra spesielt meisterskap for Herrem: – Kjem til å hugse det resten av livet

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame