Vidopen Wimbledon-finale: – Har 51 prosent sjanse for å vinne
Oppdatert 14/07/2024 klokken 13:22 GMT+2
Årets Wimbledon-finale er ein reprise av fjorårets finale. Men om den same spelaren løftar trofeet over hovudet i år også, er ikkje ekspertane like sikre på.
Tordnar mot publikum: – Aksepterer det ikkje
Video credit: Eurosport
- Følg finalen mellom Novak Djokovic og Carlos Alcaraz søndag frå 15:00 på Max, REX og Eurosport Norge!
Fjorårets finalistar skal nok ein gong entre grasmatta i London i årets Wimbledon-finale: Novak Djokovic mot Carlos Alcaraz.
I fjor var det Alcaraz som gjekk av med sigeren etter ein jamn femsettar.
– Eg trur det kan bli like jamt i år også. Eg tviler på at nokon av dei vinn 3-0 i sett, sjølv om slik er umogleg å spå, men eg trur det blir fire eller fem sett. Det blir fantastisk spennande, og eg trur eigentleg at det blir ein ganske ope kamp, seier Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen.
Han får støtte frå Discoverys tennisekspert Mats Wilander.
– Eg er ikkje heilt sikker på kven som er favoritten.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/13/4002242-81220553-2560-1440.jpg)
Full jubel i Wimbledon-finalen: – Kjempepoeng!
Video credit: Eurosport
Nøkkelpunkt
Ekspertane meiner begge to har visse faktorar i spelet som kan gjere det vanskeleg for den andre spelaren.
– Djokovic er ein av dei beste returspelarane, så det blir viktig for han å vere på sitt beste der. Om han også er på topp i backhanden sin blir det fort ein del feil frå Alcaraz, seier Bentzen.
Bentzen trekk også fram serven som viktig på gras, uansett spelar. Ifølge Wilander har Djokovic eit lite forsprang der:
– Når ein server så presist som Novak er det nesten uspelbart for kven som helst.
For Alcaraz blir det viktig å styre kampen.
– Eg trur Alcaraz forstår at jo kortare poenget er, jo meir er det i Novak sitt favør, seier Wilander.
Slitt med kneet
Djokovic måtte trekke seg frå kvartfinalen i Roland-Garros mot Casper Ruud på grunn av ein skade i menisken. Kort tid etterpå opererte han kneet.
Etter operasjonen var det ein kamp mot klokka for å rekke Wimbledon.
– Ein trudde at kneet hans skulle vere ein faktor, men eg har ikkje sett han skjere nokre grimasar eller at han ikkje har sprunge etter ballen. Han beveger seg så bra som han alltid har gjort, seier Wilander.
Heller ikkje Bentzen trur kneet blir ein avgjerande faktor i finalen.
– Det verker ikkje som at han er plaga av det.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/08/4000030-81176313-2560-1440.jpg)
Her treffer han ballgutten: – Oi!
Video credit: Eurosport
Favoritt
Tidlegare i år gjekk Alcaraz til topps i Roland-Garros. I tillegg vann han Masters 1000-turneringa i Indian Wells i mars. Djokovic på si side har ikkje hatt ein like god sesong, og står utan ein einaste tittel.
Likevel set begge ekspertane ein knapp på at 37-åringen skal løfte trofeet søndag ettermiddag.
– Novak er framleis den beste spelaren på gras, spesielt sidan Federer ikkje speler lengre. Eg trur Novak har ein 51 prosent sjanse for å vinne, seier Wilander.
– Eg trur det er heilt realistisk at Djokovic faktisk vinn. Han speler seg så god i slike settingar, men Alcaraz er sterk i hovudet, så begge har sjansen til å vinne, seier Bentzen.
Wilander meiner Alcaraz har vist å vere ein verdig vinnar, fordi han speler sin beste tennis når han må. Det er ikkje sikkert at det er nok.
– Mot Djokovic er det ikkje nok å spele din beste tennis i 60 prosent av kampen. Du må spele din beste tennis i minst 80 prosent av kampen. Om ikkje kan du ikkje slå Novak. Novak er så god på å spele mot motstandarar med ulike stilar, seier Wilander og held fram:
– Eg trur Novak har eit mentalt overtak fordi han har forstått kva Alcaraz gjer. Om Alcaraz ikkje er på sitt beste, kan han gå inn i kampen og diktere den.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/06/3998851-81152733-2560-1440.jpg)
Stygt fall for tennisstjerna: – La oss håpe på det beste
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame