Nordmann med karrierebeste – klar for finalen i Wimbledon
Oppdatert 13/07/2024 klokken 14:36 GMT+2
Nicolai Budkov Kjær er klar for sin første Grand Slam-finale i single for juniorar.
Her sikrar det norske stortalentet finaleplass i Wimbledon
Video credit: Eurosport
- Følg finalen i Wimbledon mellom Barbora Krejčíková og Jasmine Paolini laurdag frå 14:30 på Max!
Nicolai Budkov Kjær - Naoya Honda 2-0 (6-3, 6-2)
Det 17 år gamle tennisstalentet Nicolai Budkov Kjær er klar for finale i Wimbledon for juniorar.
– Det er utruleg stort. Som junior er det noko av det største ein kan få til, seier Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen.
Fredag tangerte det norske tennistalentet Budkov Kjær karrierebeste då han avanserte til semifinalen i ei Grand Slam-turnering.
I semifinalen venta japanske Naoya Honda.
Første sett starta svært jamt, men Budkov Kjær klarte å bryte til stillinga 4-3, før han følgde opp og gjorde det same i Honda sitt neste servegame. Dermed sikra nordmannen første sett 6-3.
Honda måtte ha medisinsk behandling i starten av andre sett. Då han returnerte til bana braut han Budkov Kjær ved første moglegheit. Etter det var det ingen tvil: Nordmannen braut tilbake med ein gong, før han så braut til stillinga 3-1 og på nytt til 6-2 for å sikre avansementet.
Dermed er 17-åringen klar for sin første junior Grand Slam-finale i single. I finalen møter han vinnaren av kampen mellom Theo Papamalamis og Mees Rottgering.
– Det er vanskeleg å seie kva sjansar han har i finalen, når ein ikkje veit kven han møter, men det er ikkje tilfeldig at han er i finalen. Sjansane er absolutt til stades for å gå til topps, seier Bentzen.
Tidlegare i år vann Budkov Kjær Roland-Garros for juniorar i double.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/09/4000123-81178168-2560-1440.jpg)
Tordnar mot publikum: – Aksepterer det ikkje
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame