Ruud møter 37-åring – trur éin del av spelet blir avgjerande

Eurosport på Google

Casper Ruud tok seg vidare frå første runde av Wimbledon måndag. No ventar italienske Fabio Fognini.

Casper Ruud - Alex Bolt - Wimbledon høydepunkter

Video credit: Eurosport

  • Sjå Casper Ruud mot Fabio Fognini onsdag 12.00 på Max!
Etter sigeren mot Alex Bolt i opningskampen er Casper Ruud klar for andre runde runde i Wimbledon-turneringa.
– Eg har aldri kome lenger enn andre runde, så i år får eg eit nytt forsøk, sa Ruud etter sigeren.
I neste runde venter 37-åringen Fabio Fognini som er rangert som nummer 94 i verda.
– Han er utfordrande å møte, for ein veit aldri kva som kjem ut av racketen hans, seier Ruud om motstandaren.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Kommentatoren i ekstase etter Ruud-poeng: – Dagens heftigste!

Video credit: Eurosport

– Blir viktig

Under kampen mot Bolt var Ruud spesielt fornøgd med eigen serving. Det trur han blir nøkkelen også mot italienaren.
– Ingen her er uslåelege. Han kan absolutt spele heilt fantastisk tennis, så eg håpar eg kan stå i mot og serve like bra som eg gjorde i opningskampen. Det blir viktig.
Discoverys tenniskommentator Svein-Espen Lindås Olsen trur Ruud har ein god moglegheit å ta seg vidare, og dermed kome til tredje runde for første gong.
– Det skal vere overkommeleg for Casper med godt spel , sa Lindås Olsen då trekninga vart klar.

Tre av tre sigrar

Ruud og Fognini har møtt kvarandre tre gongar før, og Ruud står med tre sigrar etter oppgjera. Dei har derimot aldri spelt mot kvarandre på gras på ATP-touren.
Nordmannen har ikkje sine beste resultat frå grasunderlaget. Det lengste han har kome i Wimbledon er andre runde, medan italienaren på si side har kome ei runde lengre.
– Han er jo litt eldre enn meg, så han har sikkert ein del rutinar og kan graset kanskje litt betre enn meg, men eg skal spele ein god kamp. Ein må berre forvente at han kjem til å spele sitt beste, seier Ruud og held fram:
– Vi får sjå korleis det går derifrå, og om eg klarer å føle meg meir og meir komfortabel på graset.
Fått med deg denne?
picture

Ellevill jubel etter poeng: – Snakk om å legge igjen alt

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame