«Uvanleg» god start på sesongen for Ruud: – Har tatt steg

Tre månadar inn i tennissesongen har Casper Ruud allereie klart å notere seg to finaleplassar på ATP-touren. Slik har det ikkje vore for nordmannen tidlegare.

Forklarar kallenamnet: – Det skjedde så kjapt

Video credit: Eurosport

Casper Ruud har hatt ein svært god start på sesongen. Han har kome til finalen i to turneringar på rad, som allereie er ein tangering av fjorårets finaleplassar. Det er ikkje vanleg kost for nordmannen så tidleg på året.
– Det er nok den beste starten på sesongen av alle sesongane eg har hatt. Eg har vanlegvis kome litt treigt i gong i tidlegare sesongar, seier Ruud til ATP.
Finaleplassane i Mexico gav også resultat på rankinglista. Måndag klatra Ruud tilbake innanfor topp ti på ATP-rankinga, etter at han falt utanfor i november i fjor.
– Det er ei god kjensle å vere tilbake.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Slik har du aldri sett stjernene før

Video credit: Other Agency

– Har tatt steg

Snarøya-guten hadde eit eventyrår i 2022. Han kom til finalen i to Grand Slam-turneringar: Roland Garros og US Open. Sjølv om starten på 2024-sesongen har vore uvanleg god, synest Ruud det er vanskeleg å vurdere om han er tilbake på det nivået han var på i 2022.
– Det er litt vanskeleg å seie for alle kampar har sine eigne historier. Eg føler likevel at eg har tatt nokre steg dei siste månadane, og at det har vist seg. Eg håpar det kan halde fram slik.
Fjoråret var derimot ikkje ein like stor suksess. Ruud klarte ikkje å få det til i dei store turneringane, utanom Roland Garros, og han klarte heller ikkje å kvalifisere seg til ATP-finalen på slutten av året.
– I fjor hadde eg ei fantastisk turnering under Roland Garros, og det redda på ein måte sesongen, men i dei fleste andre turneringane var det skuffande. I år er det eit stort mål å gjere det bra i dei store turneringane.

Annleis situasjon

Denne veka skal 25-åringen i aksjon i Indian Wells Open. Det er den første Masters 1000-turneringa så langt i år.
– Eg kjem hit i ein litt annleis situasjon enn eg har vore i tidlegare. Forhåpentlegvis kan det at eg har spelt bra opp mot turneringa hjelpe med å gjere det bra her. Eg skal prøve å utnytte det, og fortsetje å spele bra her.
Ruud har bye i første runde. Tar han seg heilt til kvartfinalen kan han få eit nytt møte med verdseinar Novak Djokovic.
Fått med deg denne?
picture

Vil ha fleire turneringar i Noreg: – Hadde vore eit draumescenario

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame