Populære sporter
All sport
Vis alt

Trur Ruud har stilna kritikarane: – Ikkje lett

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 24/04/2024 klokken 22:01 GMT+2

Casper Ruud vann den største tittelen så langt i karrieren i ATP 500-turneringa Barcelona Open. Discovery sine tenniskommentatorar trur det kan føre til at tennisspelaren møter mindre kritikk i ein periode.

Casper Ruud.

Foto: Getty Images

  • Følg Roland-Garros med Casper Ruud 20. mai til 9. juni på Eurosport.no og Max
Casper Ruud har ofte blitt møtt med kritikk for at han ikkje har vunne ei turnering over ATP 250. Det har pappa og trenar Christian Ruud irritert seg over.
– Eg liker ikkje måten media og sosiale medium framstiller det på. Ein vil mykje heller spele ein Grand Slam-finale enn å vinne to 500-turneringar eller éi 1000, sa Ruud til NTB etter sonen vann ATP 500-turneringa Barcelona Open.
I dei ulike turneringane samlar ein ulike mengder poeng. Ein siger i ei ATP 250-turnering gir 250 rankingpoeng, medan ein får 1000 poeng for å vinne ei 1000-turnering. Ei Grand Slam-turnering gir heile 2000 poeng. Det er også færre konkurrentar på 250-nivå.
No står tennisspelaren med éin ATP 500-tittel og tre Grand Slam-finalar. Han har ti titlar på ATP 250-nivå frå før.
– Det er ikkje lett å vinne 250-turneringar heller, berre så det er sagt, men for Casper sin del gir det nok mykje sjølvtillit å vinne ei 500-turnering, seier Discoverys tenniskommentator Svein Espen Lindås Olsen.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Vann gjæv pris: – Surrealistisk

– Kjem alltid til å vere der

Lindås Olsen og Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen trur ikkje kritikarane har så mykje dei skulle sagt når Ruud no har ein større tittel. I alle fall ikkje i første omgang.
– Eg trur kritikken stilnar litt når han no har vunne ein større tittel, men det vil alltid vere nokon som vil finne overskrifter om han taper ein Grand Slam-finale til, seier Bentzen.
Det er Lindås Olsen einig i.
– Kritikarane kjem alltid til å vere der, men han har nok stilna dei i første omgang, seier Lindås Olsen.

Kan tære på sjølvtilliten

Kommentatorane trur at Ruud kan spele inn fleire store titlar i tida framover.
– Han kjem til å vinne fleire titlar på 500- og 1000-nivå, og eventuelt Grand Slam. Den debatten vil stilne etter kvart. Det er ikkje noko stort problem for han, seier Bentzen.
Det Bentzen derimot trur kan vere eit problem er følelsen Ruud, i likskap med andre tennisspelarar, får etter mange tap. Før triumfen over Stefanos Tsitsipas i Barcelona Open stod Snarøya-guten med sju tap av sju finalar over ATP 250-nivå.
– Det er ikkje positivt for nokon tennisspelar å tape mange finalar. Det kan henge seg litt i bakhovudet, seier Bentzen.
Fått med deg denne?
picture

Hyllar stjerna sin rekord: – Heilt vilt


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame