Ruud blant toppen på prestisjefylt liste: – Kanonopning
Publisert 23/04/2024 klokken 08:20 GMT+2
Casper Ruud har eit svært godt utgangspunkt for å nå eit av måla for sesongen: ATP-sluttspelet i Torino.
Dette overrasket Ruud mest i 2023
Video credit: Eurosport
- Følg Roland-Garros med Casper Ruud 20. mai til 9. juni på Eurosport.no og Max
Samtidig som tennisspelarane prøver å forsvare poeng for å halde seg høgt oppe på ATP si rankingliste, samlar dei også inn poeng for å bli blant dei åtte som får spele ATP-sluttspelet i Torino ved sesongslutt.
Der ligg Casper Ruud godt med. Han er foreløpig nummer tre på lista med 2285 poeng, 375 poeng bak nestemann på lista Daniil Medvedev.
– Casper har hatt ei kanonopning på sesongen. Han er den tredje beste så langt i sesongen, og det seier det aller meste. Casper er i kanonform, så det er berre å glede seg, seier Discoverys tenniskommentator Svein Espen Lindås Olsen.
Til forskjell frå ATP-rankinga, har ikkje fjorårets resultat noko å seie isolert sett på plasseringa. I kappløpet til Torino er det berre ATP-poenga frå årets sesong som gjeld.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/04/22/3953980-80293308-2560-1440.jpg)
Vann gjæv pris: – Surrealistisk
Video credit: Eurosport
– Ligg godt an
Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen meiner det er ein god start, sjølv om Ruud ikkje har sikra plassen så tidleg i sesongen.
– Han ligg godt an, og det hjelper veldig å starte godt, men han kan ikkje begynne å kvile seg inn på ein plass blant dei åtte beste allereie i april, seier han og held fram:
– Får han gode resultat jamt og trutt, er det veldig sannsynleg at han er topp åtte.
Sjølv om nordmannen er på riktig sport, meiner Bentzen det er éin ting som kan stoppe han på vegen:
– Han kan plutseleg få ein skade, men held han seg skadefri utan lange pausar, trur eg han kan greie det.
- Les også: Djokovic vann gjæv pris – slo Haaland
Mange poeng i Grand Slam-turneringar
Tennisspelarane får moglegheit til å hente poeng i fleire store turneringar utover sesongen, blant anna i Grand Slam-turneringane, som er turneringane som gir flest poeng.
– Det er tre av fire Grand Slam-turneringar igjen, så han må nok gjere det bra i nokre av dei store som Roland Garros eller US Open, seier Bentzen.
Den neste Grand Slam-turneringa på programmet er Roland Garros i Paris i mai. Der skal tennisspelarane spele på grus, som er favorittunderlaget til Ruud.
I fjor fekk ikkje Ruud ta del av sluttspelet då han ikkje klarte å kvalifisere seg. Det gjorde han derimot året før, og då kom han heilt til finalen, der han tapte mot Novak Djokovic.
Slik ser liverankinga til ATP-sluttspelet ut akkurat no:
- 1. Jannik Sinner, 4310 poeng
- 2. Daniil Medvedev, 2660 poeng
- 3. Casper Ruud, 2285 poeng
- 4. Alexander Zverev, 1995 poeng
- 5. Stefanos Tsitsipas, 1865 poeng
- 6. Alex de Minaur, 1755 poeng
- 7. Carlos Alcaraz, 1710 poeng
- 8. Grigor Dimitrov, 1575 poeng
- 9. Novak Djokovic, 1310 poeng
- 10. Hubert Hurkacz, 1270 poeng
Dei sju beste spelarane på lista vil kvalifisere seg automatisk. Det er ei lita moglegheit for at 8. plassen ikkje gir plass. Det vil skje dersom ein spelar mellom 9.- og 20. plass har vunne ein Grand Slam same år.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/01/26/3873338-78699688-2560-1440.jpg)
Ellevill jubel: – Eit av dei råaste poenga i heile turneringa
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame