Populære sporter
All sport
Vis alt

Trur Ruud-grep har vore spesielt viktig: – Har veldig mykje å seie

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 29/04/2024 klokken 10:58 GMT+2

Casper Ruud tok fleire grep i førekant av årets tennissesong. Det har lønna seg ifølge Discovery sine tenniskommentatorar.

Dette motiverer Ruud inn i ein ny sesong

Casper Ruud har verkeleg hatt ein god start på tennissesongen. Allereie i april står han med fire finalar og éin tittel på ATP 500-nivå. Til samanlikning hadde han to finalar og éin tittel på ATP 250-nivå gjennom heile 2023-sesongen.
Discoverys tenniskommentatorar Ola Bentzen og Svein Espen Lindås Olsen er klar på at Ruud har tatt grep som gagnar han.
– Han har hatt ein kanonopning på sesongen. Ein ser tydeleg at den jobben han har gjort med å prøve å spele meir offensivt, som han ville denne sesongen, har fungert, seier Lindås Olsen.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Frekt Ruud-poeng: – Den er rå

Gjekk ned i vekt

Spelestilen er ikkje det einaste grepet Ruud gjorde i førekant av 2024-sesongen. I eit intervju med Discovery under Australian Open fortalde 25-åringen at han hadde gått ned rundt fem kilo.
– Eg sleit fysisk i fjor. Eg følte meg for tung og treig på bana. Etter Australian Open i fjor hadde eg ein oppkøyringsperiode på tre-fire veker, og vi trena litt for mykje styrke, sa Ruud.
Lindås Olsen meiner ein kan tydeleg sjå at Ruud er betre fysisk i år.
– Han toler å ta løpa og er vanskelegare å spele ut. Casper er ein veldig vanskeleg mostandar når han ikkje blir sliten på grunnlinja. Då må motspelarane spele mange ballar for å slå han. Det er ein kjempefordel for Casper når det blir lengre duellar.
I 2022-sesongen var det fysiske noko som bidrog til at Ruud hadde ein kjempesesong. Bentzen meiner ein kan sjå teikn på at nordmannen er tilbake på det nivået.
– Eg trur han sjølv føler seg slik han gjorde den sesongen der fysisk sett. Han hadde ein sesong der han var flink til å springe opp og hadde eit offensivt våpen. Han var også i ein angrepsposisjon mentalt. Sesongen etterpå kom han i forsvarsposisjon, i tillegg til at han la på seg litt for mykje musklar, seier Bentzen.

Ny fysioterapeut

I desember stadfesta Team Ruud at dei hadde henta inn ein ny fysioterapeut i apparatet rundt nordmannen. Tyske Alex Strober, som har jobba i tennissirkuset i over 30 år, kom inn.
– Det har veldig mykje å seie for han. Når ein speler turneringar og går langt, må ein føle seg i toppform. Det er fort gjort at nokon speler bra, men at det kostar mykje, og då vil dei kanskje slite veka etterpå. Casper har funne ein fin balanse mellom å vere sterk og halde ut lenge, seier Bentzen.
Far og trenar Christian Ruud sa i januar at han såg klare teikn på at samarbeidet hadde fungert allereie.
– Eg synest han beveger seg veldig bra. Ønsket til Casper har vore å bli meir fleksibel og mjukare. Han ønsker å utfordre seg sjølv i tøffare posisjonar, sa Ruud til Discovery i førekant av Australian Open.
Bentzen ser dei same tendensane.
– Det viser kor flinke Casper og teamet er til å plukke opp dei tinga som ikkje stemmer heilt. Det vil alltid vere ting som går feil veg, så justerer dei. Det gir resultat. No vinn han kampar, og det gir sjølvtillit. Då er han tilbake dit vi vil han skal vere, og der han var i 2022.
Fått med deg denne?
picture

Ellevill jubel: – Eit av dei råaste poenga i heile turneringa


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame