Populære sporter
All sport
Vis alt

Alcaraz vil spele OL med Nadal: – Har ikkje tort å seie det til han

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 25/04/2024 klokken 15:20 GMT+2

Carlos Alcaraz har ein draum om å spele dobbel i OL i lag med forbildet og landsmann Rafael Nadal.

Publikum i ekstase etter vilt Alcaraz-slag

  • OL i Paris ser du på TVNorge og Max
Verdstrear Carlos Alcaraz har lenge vore open i media om at han ønsker å spele dobbel i OL med Rafael Nadal. Ifølge tennisspelaren veit ikkje Nadal om det sjølv.
– Vi har ikkje snakka om det. Eg har møtt han litt dei siste dagane, men sannheita er at eg ikkje tør å seie det til han. Det er ein draum eg har, og det hadde vore fint å spele med han i mitt første OL, seier Alcaraz til den spanske avisa Marca.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Vann gjæv pris: – Surrealistisk

Open for det

Sjølv om dei ikkje har snakka om OL-deltakinga har Nadal også sagt at han kan tenke seg å spele i lag med Alcaraz.
– Tanken min er at eg skal spele OL, og eg hadde elska å spele det i lag med Carlos. Ideelt skulle vi ha spelt nokre dobbel-turneringar før det, men vi har ikkje kunne gjort det endå på grunn av skader, seier Nadal til den spanske TV-kanalen Teledeporte.
Nadal har to OL-gull. Det første kom under OL i Bejing i 2008 der han vann i single. I Rio i 2016 vann han gull i dobbel i lag med partnaren Marc López.

Fryktar han i Roland Garros

Før OL skal tenniseliten spele årets andre Grand Slam-turnering: Roland Garros. Det er ei turnering Nadal har svært gode minner frå. Han har vore i 14 finalar under Grand Slam-turneringane i Paris, og har ikkje tapt ein einaste gong.
Sjølv om tennislegenden har slitt med skade det siste året, trur Alcaraz at han framleis vil vere ein av dei største favorittane til å vinne årets Grand Slam på grus.
– Ingen har meir erfaring enn han i Roland Garros. Om han er fysisk, mentalt og tennismessig sterk er det ingen tvil om at han er blant kandidatane. Det er ein av dei vanskelegaste utfordringane i tennis å møte han i Roland Garros. Om eg gjer det kjem eg til å nyte det, for det kjem til å vere noko unikt, seier verdstoaren til Marca.
  • Følg Roland-Garros med Casper Ruud 20. mai til 9. juni på Eurosport.no og Max
Alcaraz trivs også på det raude underlaget. Under Madrid Open i 2022 vart Alcaraz den første tenåringen som slo Nadal på grusen.
Tennisspelarane skal spele på Roland Garros under OL også, noko som kan vere ein stor fordel for den spanske duoen om dei vel å spele i lag.
Sett denne?
picture

Alcaraz-slag sjokkerer: – Hvordan er det mulig?!


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame