Ruud slokna etter draumeopning – slått ut

Casper Ruud er ute av Masters 1000-turneringa i Roma etter at han tapte 1-2 i sett mot Miomir Kecmanovic.

Slik har du aldri sett stjernene før

Video credit: Other Agency

  • Følg Casper Ruud i Roland-Garros frå 20. mai på Eurosport.no og den nye strømmetjenesten Max!
Nordmannen hadde «bye» i første runde, og kampen mot Miomir Kecmanovic var difor Ruud sin første kamp i turneringa.
Kampen starta svært bra for Ruud, men så vart det tøft. Han måtte ha ein medisinsk timeout etter andre sett, og klarte ikkje bryte motstandaren i det siste og avgjerande settet.
Dermed sa det stopp i storturneringa.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Vann gjæv pris: – Surrealistisk

Video credit: Eurosport

Maktdemonstrasjon

Det første settet var reine maktdemonstrasjonen frå nordmannen. Sjølv om Kecmanovic hadde to breakmoglegheiter i første sett, vann Ruud settet heile 6-0.
Motstandaren fekk behandling for ryggtrøbbel i første sett. Det verka å hjelpe.
– Eg spurde legen om så mange piller han kunne gje meg for å døyve smerta. Då det slo inn, begynte eg å føle meg betre, sa Kecmanovic i sigersintervjuet.
I andre sett fekk Ruud det derimot mykje tøffare. Han vart brote ved første moglegheit, men braut tilbake med ein gong. På stillinga 2-2 braut Kecmanovic endå ein gong.
Ruud braut til 4-4, men denne gongen var det Kecmanovic som braut tilbake umiddelbart. Dermed trengte han berre å serve heim settet.
Etter settet måtte Ruud ta ein medisinsk timeout.
– Eg fekk ein liten låsing i ryggen. Det er ikkje noko alvorleg eller noko eg har slitt med. Det er ei lita vriding eller rotasjon som gjer at det låser seg heilt i nedre del av ryggen. Det er kjipt. Dei fleste som har fått ein låsing eller kink i rykken veit at det ikkje er noko gøy. I tennis roterer ein frå side til side heile tida, så det er ugunstig å få det i ein tenniskamp, forklarte Ruud til TV 2.
Etter litt tid kom nordmannen lett joggande inn igjen på bana og var klar til å spele vidare.

Utnytta ikkje breakmoglegheit

Kecmanovic fekk heile fire breakmoglegheitar i Ruud sitt første servegame i det siste og avgjerande settet, men nordmannen kom seg heilskinna gjennom.
Begge heldt sine servegame fram til serbaren braut til 4-3. I neste game hadde Ruud to breakmoglegheitar, men klarte ikkje å utnytte dei. Dermed var han avhengig av å bryte ved neste moglegheit, men heller ikkje det gamet gjekk nordmannen sin veg. Kecmanovic fekk to matchballar og klarte det på den første.
Kecmanovic vann det siste settet 6-4.
Fått med deg denne?
picture

Gløymte å knyte skolissene – sjå den elleville innhentinga

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame