Populære sporter
All sport
Vis alt

Ruud med «unorsk» grep før OL: – Ville vore uaktuelt for andre

Oppdatert 28/12/2023 klokken 20:09 GMT+1

Før OL i Paris går av stabelen skal Casper Ruud gjere grep som kanskje vil få andre utøvararar til å sperre opp auga.

Skal delta i sitt første OL: – Hadde vore gøy å fått det til

Casper Ruud valte å stå over OL i Tokyo, for å heller jakte på rankingpoeng og ein mogleg ATP-finale. No er han derimot klar for sitt første OL nokon sinne, denne gongen i Paris.
– Det blir veldig gøy. No er det eit anna underlag og litt kortare å reise.
Under OL i Tokyo spelte tennisspelarane på hardcourt, medan dei no skal spele på grus. Ruud er spesialist på grus, og har sjølv mange gode minner frå det som vil vere OL-bana i Paris, Roland Garros. Der blir nemleg også Grand Slam-turneringa, French Open, spelt, der det norske tennisesset har vore i finalen to gongar.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Stiller seg bak IOC si avgjerd: – Det blir «fair»

Unorsk framgangsmåte

For mange tennisspelarar står Grand Slam-turneringane høgst, men Ruud blir likevel motivert av tanken på ein OL-medalje.
– Ein OL-medalje er ein OL-medalje uansett kva idrett det er. Det hadde vore veldig gøy å få det til det, og absolutt noko eg kan bli motivert av. Ein vil jo prøve å samle så mange medaljar som mogleg for landet sitt, så det blir absolutt eit stort høgdepunkt.
For andre idrettar er OL det aller største som skjer på fire år, og utøvarane gjer alt for å vere på sitt beste under leikane. Det inneberer å toppe forma på ein annleis måte enn tennisspelarane gjer.
– I tennis speler ein mykje kampar og prøver å få ein god kampfølelse når ein går inn i ei stor turnering. Det er veldig unorsk å gjere det (lade opp til ei stor turnering journ. anm.) på ein slags måte som tennis inneber. Når eg snakkar med andre utøvarar, så ville det ikkje vore aktuelt for dei å spele nokre turneringar så tett innpå OL, for då skal ein finne den fysiske toppforma, seier Ruud og held fram:
– Om du speler veka før eller to veker før, så lenge du har nokre dagar eller ei veke å restituere deg, så er det som regel nok i tennis.

Grasturnering midt mellom

Ruud skal ha to formtoppar på kort tid: I starten av juni, for å vere klar for French Open, og i starten av august, for å vere klar til OL. Begge desse turneringane blir spelt på grus, men 25-åringen skal likevel ha ei turnering på gras mellom det.
– Ein må jo spele Wimbledon, sjølv om OL kjem nokre veker etterpå. Eg skal spele i alle fall spele éi turnering på grus etter Wimbledon for å kjenne litt på grusen igjen, så er planen å kome seg til Paris, finjustere og gjere seg klar til OL.
Dermed får Ruud eit svært tett sommarprogram. Wimbledon startar 1. juli, og finalen går 15. juli, medan dei første kampane i OL blir spelt 27. juli.

Potensiell norsk jubeldag

Finalen i tennis for herrane vil bli spelt 4. august.
– Det er ein dato å sjå fram til! Då håper eg at eg kan vere ute på stadion på Roland-Garros og spele om medalje.
4. august er same dag som fjerde runde i golfen, og det kan dermed ligge tilrette for ein norsk jubeldag med Ruud og Viktor Hovland i front.
– Forhåpentlegvis blir det ein spennande dag for oss nordmenn.
Fått med deg denne?
picture

Tar av etter utrolig ballveksling: – Helt vilt!

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame