Populære sporter
All sport
Vis alt

Djokovic vann gjæv pris – slo Haaland

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 22/04/2024 klokken 21:47 GMT+2

Erling Braut Haaland var nominert, men det var Novak Djokovic som stakk av med Laureus-prisen.

Vann gjæv pris: – Surrealistisk

Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play
Novak Djokovic vart kåra til årets mannlege utøvar på Laureus Sports Awards. Det er femte gong han vinn prisen.
Sigerstalen brukte han til å hylle andre utøvarar.
– Eg har hatt gåsehud den siste timen av å sjå utøvarane her og rundt omkring i verda for den innverknaden dei har hatt på sporten. Fortsett å inspirere folk rundt omkring med kvar einaste bevegelse, hopp, pasning, slag og ord. Gratulerer til alle dei nominerte og vinnarane i kveld, sa Djokovic.
Tennisspelaren står med 24 Grand Slam-titlar gjennom karrieren. Tre av dei kom i fjorårets sesong.
Sjå talen øvst i saka.

Haaland og Hovland nominert

Han konkurrerte mot Armand Duplantis, Noah Lyles, Lionel Messi, Max Verstappen og Erling Braut Haaland.
Haaland var ein stor bidragsytar i Manchester City som i fjor vann både Premier League, Champions League og FA-cupen. Det har han vunne ein rekke prisar for, blant anna under Globe Soccer Awards i januar.
picture

Erling Braut Haaland med Champions League-trofeet.

Foto: Getty Images

Tidlegare har idrettsutøvarar som Lionel Messi, Usain Bolt, Tiger Woods og Roger Federer vunne prisen. Sistnemnte vann den heile fem gongar i si karriere.
Manchester City var også nominert til årets lag, i lag med blant anna Viktor Hovland sitt Ryder Cup-lag. Der gjekk Spania sitt kvinnelandslag som gjekk til topps i VM av med prisen.
Sett denne?
picture

Kåra til verdas beste fotballspelar – oppdaterte på skadesituasjonen

Stjernespekka kveld

Fleire store stjerner var til stades på prisutdelinga, blant anna Bolt, Tom Brady, Rafael Nadal og Jude Bellingham. Sistnemnde vann pris for årets gjennombrot.
Fotballstjerna Aitana Bonmatí vann årets kvinnlege utøvar.
Laureus Sports Awards blir omtalt som Oscar-utdelinga i idrett.
Sett denne?
picture

Ekstra spesielt derby for Lyn-spelaren: – Forstår at det blir snakk


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame