Populære sporter
All sport
Vis alt

Ruud med overtydande siger – braut barriere

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 08/10/2023 klokken 11:59 GMT+2

Casper Ruud hadde ikkje noko problem med å ta seg vidare til fjerde runde i Shanghai Open.

Ny solid siger for Ruud: – Må prøve å ri på bølga

Casper Ruud - Cristopher Eubanks 2-0 (6-4, 6-2).
Det norske tennissesset har levert botnsolide kampar så langt i Shanghai Masters, og søndag morgon var ingen unntak.
Ruud møtte amerikanske Christopher Eubanks, rangert som nummer 32 i verda, i den tredje runda av Masters 1000-turneringa. Nordmannen leverte sterke games, gode servar og eit godt returspel, og Eubanks måtte til slutt sjå seg slått i strake sett.
– Ein ryddig, fin framsyning av Casper Ruud. Han vinn heilt fortent i to strake sett i dag, sa Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen.
24-åringen er med den sigeren vidare til fjerde runde.
– Det kjennast bra. Å allereie vere i fjerde runde er ein bra ting. Eg har ikkje brukt for mykje tid ute på bana så langt i denne turneringa, så eg har mykje energi og krefter til å fortsetje turneringa, sa Ruud i sigersintervjuet.

Ri vidare på bølga

Opningssettet var nokså jamn, men Snarøya-guten la tideleg press på motstandaren, og fekk kampens første breakball allereie i amerikanaren sitt andre game. Men det var ikkje før det stod 2-2 på tavla at nordmannen lykkast med å bryte.
Ruud heldt den fordelen, og tok det første settet 6-4.
I andre sett braut Ruud nok ein gong på 2-2, men Eubanks var i nærleiken av å svare på brotet i neste game. Han hadde tre breakballar, men det var ikkje nok til å halde ein formsterk nordmann unna, som gjekk opp til 4-2 på tavla.
Ruud braut på nytt då det stod 4-2, og 24-åringen trengte berre å serve heim neste game for å setje sine norske bein i runde fire av turneringa.
Det vart ingen problem for Snarøya-guten, som spelte seg fram til to matchballar, og tok det andre settet 6-2.
– Eg er fornøgd med korleis spelet sit. Det var ein fin og bra match i dag. Alt gjekk min veg, så det må eg ta med meg vidare, og prøve å ri på ei lita bølge som ein har klart å starte her no, seier Ruud.

Braut barriere

Det er over eitt år sidan Ruud vann to kampar på rad i ei Masters 1000-turnering på hardcourt. Den marerittrekka vart det slutt på søndag.
Ruud møter Fabian Marozsan i neste kamp.
– Det blir ein kviledag i morgon, så blir det fjerde runde på tysdag, trur eg. Det blir spennande, og eg gler meg til det, seier Ruud.
Kampen er det siste hinderet som står igjen før ein eventuell kvartfinale.
– Ruud har eit gunstig tablå vidare. Det er noko vi kan tenke på, men han er flink til å ta kamp for kamp, sa Bentzen.
Sett denne?
picture

Rune: – Jeg er rasende

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame