Populære sporter
All sport
Vis alt

Nadal sår tvil om Roland-Garros-deltaking

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 12/05/2024 klokken 14:04 GMT+2

Etter tapet i Masters 1000-turneringa i Roma ville ikkje Rafael Nadal garantere at han speler Roland-Garros.

Hyllar stjerna sin rekord: – Heilt vilt

  • Følg Casper Ruud og resten av tenniseliten i Roland-Garros frå 20. mai på Eurosport.no og den nye strøyme­tenesta Max!
Rafael Nadal har slitt med skade sidan Australian Open i 2023. Eitt av dei store måla har heile tida vere å spele Roland-Garros.
Laurdag rauk han ut av Masters 1000-turneringa i Roma mot Hubert Hurkacz. På pressekonferansen etter tapet kunne han ikkje love at han skal spele Grand Slam-turneringa i slutten av mai.
– På den eine sida kan eg seie at eg ikkje er klar og at eg ikkje speler bra nok, men det er snart på tide å ta ei avgjerd. Eg har ikkje den avgjerda klar akkurat no.
Likevel kom han med ei lita gladnyheit:
– Om eg seie kva eg føler akkurat no, så trur eg at eg kjem til å spele Roland Garros og gjere mitt beste. Eg har framleis nokre fysiske problem, men det er ikkje store nok akkurat no til at eg seier at eg ikkje kjem til å spele den turneringa, som har vore den viktigaste gjennom karrieren min. Vi må sjå korleis eg har det om ei veke.
Nadal har vunne Grand Slam-turneringa i Paris heile 14 gongar. Sist siger kom mot Casper Ruud i 2022.
Sjølv om grusspesialisten står med rekorden for tal sigrarar i turneringa, trur han det blir vanskeleg å notere seg den 15. sigeren i år.
– Om eg føler meg klar kjem eg til å prøve å kjempe om det eg har kjempa om dei siste 15 åra, men akkurat no verker det umogleg.
Spanjolen har tidlegare uttalt at dette truleg blir hans siste sesong.
Fått med deg denne?
picture

Hjemmehåpet med vill oppvisning: – Han er så frekk!


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame