Vann Roland-Garros etter femsettsthriller – skreiv seg inn i historiebøkene: – Draum som går i oppfylling

Det vart jamt i finalen av Roland-Garros mellom Alexander Zverev og Carlos Alcaraz, men til slutt kunne Alcaraz sleppe jubelen laus.

Her tar Alcaraz sin første Roland Garros-tittel

Video credit: Eurosport

  • Sjå Wimbledon frå 1. juli på Max!
Carlos Alcaraz - Alexander Zverev 3-2 (6-3, 2-6, 5-7, 6-1, 6-2)
Alexander Zverev og Carlos Alcaraz måtte ut i eit femte og avgjerande sett for å kåre vinnaren av Roland-Garros.
Til slutt var det 21 år gamle Alcaraz som kunne løfte trofeet over hovudet etter over fire timar spelt.
– Han følger opp dei stolte, stolte tradisjonane som Spania har på grusen her, sa Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen.
– For ein kamp. Han er så god når det gjeld. 21 år – kva har vi i vente? For ein spelar han er, følgde Discoverys tennisekspert Dorthea Faa-Hviding opp.
Alcaraz er den yngste vinnaren av Roland-Garros sidan spanske Rafael Nadal vann i 2007. Han er også den yngste spelaren gjennom tidene som har vunne ei Grand Slam-turnering på alle dei tre underlaga: gras, hardcourt og no grus.
Alcaraz stod allereie med to Grand Slam-titlar frå før: US Open i 2022 og Wimbledon i 2023. Zverev har aldri vunne ei Grand Slam-turnering før.
Spanjolen fortel at han føler ei form for lette etter å ha vunne sin første Roland-Garros.
– Det er ein draum som går i oppfylling. Dette er ei turnering eg har ønskt å vinna sidan eg var fem–seks år gammal, fortel han til Discovery
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Ellevill jubel etter poeng: – Snakk om å legge igjen alt

Video credit: Eurosport

God start

Spanske Alcaraz starta kampen på best mogleg vis med å bryte Zverev i første game. Tyskaren klarte derimot å bryte tilbake ved neste moglegheit, og dermed utlikna han til 1-1.
Spanjolen braut så to gongar til i løpet av første sett, og sikra settet 6-3.
I sett to vart det derimot ein opptur for Zverev. Han braut Alcaraz to gongar, og vann settet 6-2.

Klaga på bana

Alacaraz såg ut til å ha tredje sett i lomma då han hadde ei 5-2-leiing. Tyskaren ville derimot ikkje gje seg utan ein kamp.
Zverev klarte å snu settet, og gjekk opp til ei 6-5-leiing. Dermed var det han som kunne serve heim settet.
Spanjolen var tydeleg misnøgd med baneforholda undervegs i tredje sett, og klaga til dommaren om at det var for lite grus på bana.
– Det er ein Grand Slam-finale på grus, men det følast ut som hardcourt. Det er heilt utruleg, sa Alcaraz.
Sjå hendinga under. Saka held fram under videoen.
picture

Alcaraz tydeleg misnøgd: – Heilt utruleg!

Video credit: Eurosport

Slo tilbake

Etter eit tøft tredje sett fekk Alcaraz seg derimot ein ordentleg opptur i neste sett. Han braut Zverev to gonger på rad, og hadde dermed ei svært god leiing.
– Han leiker seg og går opp til 4-0 i fjerde sett. Då er det han som er skikkeleg på offensiven igjen etter ein tung avslutning for hans del i det tredje settet, sa Bentzen undervegs i fjerde sett.
Til slutt tok han settet 6-1, og dermed måtte spelarane ut eit siste og avgjerande sett.
– Det er ein Alcaraz som er mykje betre no enn i førre sett, og så er det ein frustrert Zverev. Det verker som dei begge to har veldig lyst til å vinne denne kampen, så er det ein del som er på spel, sa Faa-Hviding.
picture

Carlos Alcaraz v Alexander Zverev - Roland-Garros highlights

Video credit: Eurosport

Vann kampen

I det siste settet starta Alcaraz med å bryte Zverev. Zverev var svært nære å gjere det tilbake, med heile fire breakballar, men klarte ikkje ta vare på moglegheitene. Dermed kunne Alcaraz i staden auke leiinga til 3-1 i settet.
Zverev kom seg heilskinna gjennom neste game, og kunne redusere til 3-2. Han hadde derimot problem med spesielt éin del av spelet i femte sett.
– Desse volleyane til Zverev svikter totalt i femte sett. Er det det som skal bli avgjerande? sa Betnzen.
Tyskaren fekk det ikkje noko lettare utover kampen. Alcaraz braut Zverev nok ein gong, og kunne dermed serve heim sigeren i Roland-Garros.
picture

Sjekk denne ballvekslinga: – For ein tennis!

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame