Populære sporter
All sport
Vis alt

Revansjelysten for sesongen: – Føler ikkje eg har nådd toppen av karrieren

Oppdatert 30/12/2023 klokken 19:09 GMT+1

2023-sesongen vart ikkje slik Casper Ruud hadde håpa på. No startar han ein ny sesong svært revansjelysten.

Dette motiverer Ruud inn i ein ny sesong

2023-sesongen vart ikkje avslutta slik Casper Ruud hadde håpa på på førehand. Då han gjekk inn i sesongen, hadde han som mål om å kome til sluttspelet i Torino. I staden hamna han utanfor topp ti for første gong sidan 2021, og fekk ikkje vere ein av dei åtte spelarane som spelte i den italienske storbyen i slutten av november.
No klør 25-åringen etter å setje i gong med ein ny sesong for fullt.
– Det blir jo litt sånn at når ein trenar hardt og held på, så gler ein seg til å spele kamp igjen.
Og skal ein tru nordmannen er han svært revansjelysten for den komande sesongen.
Ruud sesongopna i United Cup laurdag. 14. januar set han i gong med eit av årets store høgdepunkt: Grand Slam-turneringa i Australia.
– Eg er revansjesugen først og fremst når det kjem til Australia, så får vi sjå kva resten av året bringer.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Stiller seg bak IOC si avgjerd: – Det blir «fair»

Fleire mål

Den norske tennisstjerna har fleire mål for den komande sesongen. Eitt av dei er å kome seg tilbake innan topp ti på rankinglista.
– Det er det første steget. Det er veldig gøy å ligge der, for ein får ein litt anna respekt av motspelarane. Og så er det sjølvsagt også eit mål å kome til Torino til slutt, seier Ruud og held fram:
– Så er det klart at eg har lyst til å vinne ei større turnering enn det eg har klart før: Ein ATP 500, eller ein 1000. Og draumen er sjølvsagt alltid å klare å vinne ein Grand Slam.
Dette var også nokre av 25-åringen sine delmål for 2023-sesongen. Slik gjekk det ikkje.
– Vi får sjå om det neste året er meir innbringande på målfronten, og at eg klarer å huke av nokre mål, både for året, men også mål ein har sett seg for heile karrieren også.

Endringar i teamet

For å nå desse måla har Ruud blant anna gjort endringar i teamet.
– No skal eg ikkje snakke for tidleg, men det ser ut til at vi kjem til å reise med ein ny fysioterapeut neste år, som blir spennande. Han er ein tidlegare ATP-fysioterapeut som har jobba mykje med tennis og med mange store namn.
Ifølge den anerkjente tennisjournalisten José Morgado er fysioterapeuten Alex Stober på plass i Australia for å jobbe med Ruud.
Nordmannen understrekar at han er opptatt av å passe på kroppen, og han vil difor prøve noko nytt.
– Ein held jo ikkje på med idrett sånn altfor lenge. Ein gir seg som regel rundt 35 i tennis, så då er det viktig å vere skadefri så mykje som mogleg dei neste ti åra.
Er du bekymra for kroppen?
– Ja, det oppstår jo ting heile tida som dykk (media, journ. anm.) ikkje får vite om. I tennis må ein berre bite i det og spele med smertar eller med smertestillande, så lenge det ikkje er ein altfor alvorleg skade.

Har ikkje nådd toppen

2023-sesongen var noko i kontrast til 2022. Då var Ruud rangert som nummer to i verda, og var i to Grand Slam-finalar.
Det året er noko han bruker som motivasjon når han no skal i gong med ein ny sesong.
– Det er noko eg alltid kan sjå tilbake på som heilt fantastisk, og som er noko eg kan føle meg trygg på at eg forhåpentlegvis er god nok til å kome tilbake til på eit tidspunkt. Om det skjer neste år eller om to, tre, fire år, det veit eg ikkje.
Sjølv om 2022 var eit fantastisk år for den norske tennisspelaren, trur han ikkje at det var toppunktet av karrieren hans.
– Eg veit ikkje når «peaken» i karrieren min kjem til å bli, men eg føler heldigvis ikkje at den har vore endå. Eg føler at det er mange spennande år framover der eg kan ha fantastiske resultat.
Fått med deg denne?
picture

Rune: – Jeg er rasende

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame