Ruud vidare i Hamburg etter tøft førsterundeoppgjer: – Andre sett var ikkje bra

Det blei eit tøft førsterundeoppgjer for Casper Ruud mot Sebastián Báez.

Casper Ruud under Swedish Open i Båstad.

Foto: NTB

Casper Ruud - Sebastián Báez 2-1 (6-3, 1-6, 6-3).
Casper Ruud møtte argentinske Sebastián Báez i første runde av Hamburg European Open.
Det blei eit tøft oppgjer, men nordmannen drog i land sigeren til slutt.

Dømt for fotfeil

Nordmannen tok første sett, til trass for ein litt trøblete midtdel, der Báez braut Ruud tilbake.
I andre sett klarte argentinaren å bryte Ruud i andre game, mykje på grunn av at Ruud blei dømt for fotfeil. Det var Discovery-kommentator Sverre Krogh Sundbø svært overraska over.
– Fotfeil? Casper skjønner ingenting. Eg kan ikkje hugse at Casper har blitt avblåst for fotfeil. Men ... hæ?, seier Sundbø.
Báez tok dei tre første gama, før Ruud henta seg tilbake, og tok neste game. Argentinaren ville ikkje la Ruud ta nokre fleire. Han tok dei tre neste gama sjølv, og tvinga fram eit tredje og avgjerande sett.

Jamnt siste sett

Det siste settet vart svært jamnt.
Marginale grunnlinjemissar frå Báez gjorde at Ruud fekk ein god start på det tredje settet, og tok det første gamet. Báez heldt serven i andre game, og gjekk sigrande ut av ein hardtslåande duell.
– Pila har svinga litt meir Ruud sin veg litt meir i avgjerande sett, men når ein ikkje tar vare på moglegheitene, svingar det frykteleg fort på tennisbanen, sa Sundbø då det stod 2-2 i avgjerande sett.
Ruud braut så Báez, men argentinaren slo tilbake, og gjorde akkurat det same.
Då Ruud braut i det sjuande gamet, kunne han serve settet heim, og ta sigeren.

– Tøft

– Det var tøft. Skikkeleg tøft, seier Ruud til arrangøren etter kampen.
Ruud fortel at det tok litt tid for han å justere seg etter bana.
– Eg starta bra. Det andre settet var ikkje så bra, men eg kjempa bra i tredje sett, og eg er veldig fornøgd med at eg kom meg vidare.
Nordmannen møter chilenaren Cristian Garin i neste runde.
Sett denne?
picture

Far og trener Christian Ruud: – Veldig surt

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame