Populære sporter
All sport
Vis alt

Ruud med enorm bragd – på liste med Djokovic

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 12/08/2023 klokken 19:42 GMT+2

Denne veka klarte Casper Ruud noko berre to andre aktive tennisspelarar har klart før han.

Casper Ruud.

Foto: NTB

13. september 2021 fekk tennisstjerna Casper Ruud ein plass på topp ti lista på ATP si rangeringsliste av dei aktive tennisspelarane i verda.
Sidan den dagen har ikkje nordmannen vore utanfor herranes topp ti liste. Totalt har Ruud vore 100 veker på lista.
Måndag starta han på veke 101. Han er den 80 tennisspelaren i historia som har vore så lenge på lista, ifølge Tennis World USA. Blant aktive spelarar, er han den 16. spelaren som får til denne bragda.

Eksklusiv liste

Av dei 16 spelarane, er det berre Ruud og to til, som har vore på topp ti lista i over 100 veker i strekk.
Ruud deler no plass på den eksklusive lista med Novak Djokovic og Stefanos Tsitsipas.
– Undervurdert, skriv Twitter-profilen Relevant Tennis, om den norske tennisstjerna.
Tennisesset er i dag rangert som nummer fem, etter at han falt ein plass på verdsrankinga. Nordmannen spelte ikkje turnering sist veke, og fekk dermed ingen poeng i jakta på å behalde plassen sin.
Etter finaletapet i US Open i fjor, var Snarøya-guten heilt oppe på andreplass. Sidan den gong har han falt nokre plassar, men sidan september har han vore blant topp fem i 48 veker.

– Viktigast å vere blant topp ti

Ruud var aktuell i ATP Masters 1000-turneringa i Toronto denne uken, men røk ut i tredje runde. Neste veke skal han i aksjon i Cincinatti. I september ventar US Open.
24-åringen fortel til Discovery at eit stort mål for sesongen er å gjere det bra i US Open, men det viktigaste er at han hentar poeng, og at han er blant dei ti beste.
– Eg vil sjølvsagt gjere det bra, og forsvare poenga mine der, men det finst andre turneringar ein kan hente poeng i også, seier han, og utdjupar:
– Det viktigaste er å prøve å behalde den posisjonen innanfor dei ti beste, for då får ein ein god seeding inn til neste turnering. Om ein er 4., 6., 8., 3. eller 9. er ikkje den aller største forskjellen, så lenge ein held seg blant dei ti beste. Det er det viktigaste, seier Ruud.
Sett denne?
picture

Ruud om comebacket: – Klarte å spille bra da jeg virkelig måtte

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame