Medvedev til finalen etter intens snuoperasjon: – Hang på som ein klegg
Publisert 26/01/2024 klokken 14:06 GMT+1
Daniil Medvedev og Jannik Sinner er årets Australian Open-finalistar.
Ellevill jubel: – Eit av dei råaste poenga i heile turneringa
Video credit: Eurosport
Daniil Medvedev - Alexander Zverev 3-2 (5-7, 3-6, 7-6(4), 7-6(5), 6-3)
Daniil Medvedev er klar for sin tredje finale i Australian Open etter at han vann over Alexander Zverev fredag.
– Eg sa til meg sjølv under det tredje settet at om eg skal tape denne kampen, så skal eg i alle fall vere stolt av prestasjonen min, og kjempe til siste slutt. Så klarte eg å vinne, så eg er veldig stolt, sa Medvedev i sigersintervjuet.
Snuoperasjon
Russaren leverte ein sensasjonell snuoperasjon. Han låg under 2-0 i sett, men blåste liv i kampen for sin eigen del, etter at han gjekk sigrande ut av tiebreaket i tredje sett.
– Zverev såg farleg god ut i starten av tredje sett, men klarte ikkje å få overtaket. Då heng Medvedev på som ein klegg, eller som ein blekksprut med lange armar og bein, sa Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen.
Fjerde sett vart også jamt. Ingen av spelarane klarte å bryte kvarandre, og dei måtte ut i endå eit tiebreak, der Medvedev igjen var sterkast.
Dermed vart det eit femte og avgjerande sett. Russaren klarte å bryte Zverev på 3-2, noko Zverev aldri klarte å følge opp.
Etter nesten 4,5 time spel var finalebilletten sikra for 27-åringen.
Møter Sinner
Medvedev møter Jannik Sinner i finalen. Han slo Novak Djokovic og kvalifiserte seg til sin aller første Grand Slam-finale.
– Eg har lyst til å bli den gladaste mannen på planeten, men då må eg spele bra og vinne på søndag, sa Medvedev.
Ingen av dei har ein tittel frå den australske turneringa. Medvedev står med ein Grand Slam-siger frå US Open i 2021.
Finalen går søndag.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/01/26/3873475-78702428-2560-1440.jpg)
Leverer draumetennis: – Heilt rått!
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame