Har stortru på ungtalentet: – Kjem til å sjå han høgt oppe på rankinga
Publisert 27/01/2024 klokken 07:51 GMT+1
Nicolai Budkov Kjær har imponert i årets Australian Open Junior. Discoverys tenniskommentator Christer Francke trur 17-åringen kan nå langt.
Her blir Budkov Kjær historisk
Video credit: Eurosport
Nicolai Budkov Kjær har verkeleg imponert under årets Australian Open Junior.
Discoverys tenniskommentator Christer Francke trur 17-åringen er nokon ein må halde eit auge til i framtida.
– Han er nok ein vi heilt sikkert kjem til å sjå på ATP-touren, høgt oppe på rankinga. Kor god han kan bli er vanskeleg å seie, for nivået er høgt, men han har like gode føresetnadar som Casper Ruud. Kanskje endå betre spelmessig, seier Francke.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/01/26/3873475-78702428-2560-1440.jpg)
Leverer draumetennis: – Heilt rått!
Video credit: Eurosport
– Ein fordel
17-åringen skreiv norsk tennishistorie heile to gongar under turneringa. Han var den første nordmannen til å bli seeda så høgt som nummer to i ei junior Grand Slam-turnering, og han vart også den første nordmannen til å kvalifisere seg til kvartfinale. Det enda med avansement eit ytterlegare steg etter at han slo amerikanske Kaylan Bigun i kvartfinalen natt til torsdag.
Til samanlikning har Ruud tredjerunde som sitt beste resultat i ei junior Grand Slam-turnering, og er blant verdas beste tennisspelarar no.
Francke meiner likevel at det ikkje er noko automatikk at ein blir god som senior, om ein er god som junior.
– Spranget er veldig stort, men det er heilt klart ein fordel å ha spelt junior Grand Slam-tennis. Du har ei god erfaring når du kjem inn i turneringane som senior, og blir «kjend» med dei beste spelarane.
Komplett tennisspelar
Noko som har imponert kommentatoren ekstra mykje, er at Budkov Kjær er svært sterk mentalt.
– Det viser han allereie no. Han drar i land jamne kampar og speler jamt med dei beste. Han forstår også mykje, og er moden allereie, seier Francke.
Sjølv om Budkov Kjær berre er 17 år gamal, meiner Francke at han allereie har mykje på plass.
– Han er ein komplett tennisspelar. Han har lite skadar, er god teknisk og speler stabilt bra. Sånn sett er han ein speler ein kanskje stoler litt ekstra på.
Bygdøy-guten fortalde sjølv til Discovery at han var fornøgd med serven sin i kampen mot svenske William Rejchtman Vinciguerra. Det meiner Francke han har all grunn til:
– Eg er imponert over servinga hans, og han har avgjort ein del kampar med den, blant anna serva ess på matchballar. Det er verkeleg ein forse i den servinga, vurderer kommentatoren.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/01/22/3870212-78637168-2560-1440.jpg)
Blir tatt på senga av reportar: – Unnskyld!
Video credit: Eurosport
Blir lagt merke til
Noreg har ikkje mange spelarar i toppen, samanlikna med store nasjonar som USA og Spania, men likevel blir nasjonen lagt merke til innanfor tennissporten.
– Dei som speler er så gode at vi blir lagt merke til på grunn av det. Det er veldig positivt. Likevel skulle vi gjerne hatt nokre fleire spelarar som spelte internasjonalt på seniorsida, seier Francke.
Ruud er heilt i toppen på herresida, medan Viktor Durasovic speler nivået under Ruud. Også i double har Noreg nokon heilt i toppen. Ulrikke Eikeri er rangert som nummer 37 i verda. I tillegg til Kjær har junioren Emily Sartz-Lunde imponert. Ho spelte også på hovudtablået i Australian Open Junior.
– Når Casper taper hadde det vore fint å hatt nokre andre som også var med. Det er det einaste. Men vi er fleire spelarar enn før, seier Francke.
Relatert
Reklame
Reklame