Populære sporter
All sport
Vis alt

Stenberg med ny EM-medalje: – Eit nytt kapittel i baneeventyret

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 13/01/2024 klokken 20:51 GMT+1

Anita Stenberg tok sin andre EM-medalje på to dagar.

Stenberg med ny medalje: – Så og seie perfekt

Laurdag stod to EM-øvingar på programmet for norske Anita Yvonne Stenberg.
31-åringen starta kvelden med å ta sølv i poengritt.
– Endå eit nytt kapittel i det norske baneeventyret er skrive, denne gongen med sølvkanta skrift, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.

Førehandsfavoritten til topps

Med fire spurtar igjen av poengrittet låg Stenberg i leiinga. Det vart ein dramatisk kamp mellom Stenberg og førehandsfavoritten Lotte Kopecky utover.
Kopecky tok til slutt gullet etter å ha levert eit perfekt poengritt.
– Den stabiliteten ho har no, Stenberg, den kapasiteten, det ritthovudet ... Ho gjennomfører eit så og seie perfekt poengritt. Det er berre at Kopecky var betre i dag, seier Magelssen.

Ny medaljesjanse

Berre minuttar seinare var Stenberg i aksjon i ny medaljeøving. Denne gongen i øvinga eliminasjonsritt.
Kopecky var også på startstreken i øvinga.
Med seks ryttarar igjen begynte både Kopecky og Stenberg å vise svaksheitsteikn.
Stenberg vart til slutt nummer seks i eliminasjonsritt. Kopecky tok sitt andre EM-gull på ein halvtime.
Sjå Lotte Kopecky ta sitt andre EM-gull på kort tid:
picture

Syklar inn til sitt andre EM-gull på 20 minutt: – Heilt spesiell

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame