Populære sporter
All sport
Vis alt

Skriven ut av sjukehus etter skrekkvelt

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 22/04/2024 klokken 19:45 GMT+2

Syklisten måtte vere ei natt på sjukehus etter ein stygg velt under Liège-Bastogne-Liège.

Fekk tøft møte med asfalten: – Den ser veldig vond ut

  • Følg 3. etappe av Tyrkia Rundt tysdag frå 13:30 på discovery+!
Med omtrent 70 kilometer igjen av Liège-Bastogne-Liège velta Movistar Team-ryttaren Carlos Canal Blanco stygt.
Spanjolen fekk ikkje med seg at det var ein stolpe på sida av vegen, og køyrde rett i den. Han datt over styret og landa på hovudet. 22-åringen låg nærmast urørleg på bakken, og bevegde berre på armane.
Få timar etter rittet meldte laget at det gjekk fint med ryttaren.
– Han har tatt testar og dei viser verken bein- eller hjerneskadar. Carlos fekk nokre sår og blåmerke på venstre skulder og begge kne, utan andre skadar å rapportere, skreiv laget på X.
Blanco måtte likevel vere på sjukehuset over natta. Han la ut eit bilete på Instagram der han skreiv at alt gjekk bra.
Måndag kom han med ei ny oppdatering.
– Vi reiser heim og tar nokre dagar i fred, skriv han.
Tadej Pogacar vann Liège-Bastogne-Liège. Tobias Halland Johannessen vart beste nordmann med ein 25. plass.
Sett denne?
picture

To ryttarar i stygg velt: – Utruleg trist


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame