Populære sporter
All sport
Vis alt

Ryttaren rasar mot spurtarane: – Kan kaste dei i fengsel

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 22/05/2024 klokken 10:42 GMT+2

Lidl-Trek-ryttaren Thibau Nys kjem med ei ordentleg kraftsalve mot spurtarane i sykkelsporten.

Raser mot arrangøren: – Trist at vi fremdeles har dinosaurer i 2024

  • Sjå Tour of Norway frå torsdag til søndag på den nye strøymetjenesta Max!
Sykkelkross-spesialisten Thibau Nys har vist seg fram som ein svært habil landevegsryttar med blant anna ein samanlagtsiger i Tour de Hongrie.
Under eine etappen i Tour de Romandie vann også 21-åringen ein massespurt, men han har på ingen måte lyst til å bli assosiert med spurtarane.
– Dei er dritsekkar. Det som skjer i ein spurt er nokre gongar kriminelt. I Ungarn opplevde eg veldig alvorlege situasjonar. Zoom inn på spurten, og du kan kaste fem eller seks menn i fengsel, sa Nys til den belgiske avisa Nieuwsblad.
Denne veka skal Nys i aksjon i Tour of Norway, og der kan belgiaren få oppleve endå fleire massespurtar.
– Kvar gong eg køyrer ein massespurt er det ei interessant læringsoppleving, men eg er glad at eg slepp å oppleve det kvar gong.
Uno-X står også på startstreken når Tour of Norway startar i Voss torsdag. Alexander Kristoff og Magnus Cort er nokre av ryttarane frå det norsk-danske sykkellaget.
I tillegg skal sykkelstjerna Wout van Aert gjere skadecomeback etter ein velt i eindagsrittet Dwars door Vlaanderen.
Fått med deg denne?
picture

Ny Pogacar-triumf – talde etappesigrane i feiringa


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame