Populære sporter
All sport
Vis alt

Pogacar-showet held fram: – Knuser all motstand

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 11/05/2024 klokken 17:31 GMT+2

Tadej Pogacar tok sin tredje etappesiger i årets Giro d'Italia.

Tadej Pogacar tar sin tredje Giro d'Italia-etappesiger

Samanlagtleiaren gjekk sigrande ut av etappe åtte av Giro d'Italia.
– «The Poginator» held fram med å knuse all motstand i Giro d'Italia. Han er betre enn alle andre i Giroen akkurat no, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Sjå spurten øvst i saka.

– Samanlagtfavorittane sin kamp

Ryttarane hadde ikkje sykla mange kilometer før det var etablert eit brot. Etter at nokre ryttarar kom opp til gruppa i front, og nokre datt av, var det tolv ryttarar igjen då brotet sat i gong med den siste stigninga for etappen.
Norske Vegard Stake Leangen og danske Mikkel Bjerg hadde gjort ein solid tauejobb for samanlagtleiar Tadej Pogacar, og ved botnen av stigninga tok Domen Novak over.
Feltet låg halvminuttet bak brotet ved starten av den siste klatringa, og alle topp fire i samanlagtkonkurransen var med.
– Det blir samanlagtfavorittane sin kamp i dag, sa Magelssen.
Med fire kilometer igjen av etappen tok hovudfeltet inn brotet. Fleire av ryttarane forsøkte seg så på å angripe, men ingen av dei klarte å kvitte seg med samanlagtfavorittane.

Spurtoppgjer

Dermed vart det ein spurt mellom ti ryttarar for å kåre etappevinnaren.
– Det verker nærmast uunngåeleg at mannen i rosa ikkje vinn her, sa Magelssen.
Og slik vart det også. Ingen klarte å matche det rosa lynet på oppløpet.
– Det er ein mann som kliner ballen i krysset til slutt, men det er eit lag som har spelt han god i dag, sa Magelssen.
– Eg synest verkeleg vi skal ta av oss hatten for laginnsatsen til UAE, sa Discoverys ekspertkommentator Lars Saugstad.
Fått med deg denne?
picture

Elleville jubelscenar: – Kunne ikkje førestilt seg det her


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame