Ny Pogacar-triumf: – Har vore mange opp- og nedturar
Publisert 10/05/2024 klokken 19:00 GMT+2
Ingen kunne stoppe samanlagtleiaren på den første tempoetappen i Giro d'Italia.
Tadej Pogacar.
Foto: Getty Images
- Følg Giro d'Italia på Eurosport.no, discovery+ og den nye strømmetjenesten Max!
Det vart eit tett kappløp mellom Tadej Pogacar og Filippo Ganna på tempoetappen fredag.
Samanlagtleiaren starta enkeltstarten i eit betydeleg lågare tempo en italienaren, og på den første mellomtida var han heile 44 sekund treigare. Utover etappen auka slovenaren tempoet, og på den siste delen slo han ordentleg til. Han sykla i mål heile 17 sekund raskare enn Ganna.
– Eg starta i eit lågare tempo for å bli vandt til temposykkelen, og så sykla eg stigninga med full gass. Stigninga passa meg betre enn Ganna. Det var ganske bratt, så det var til min fordel, men det kjem ikkje til å bli slik i den neste tempoetappen.
Pogacar har ikkje sykla mange tempoetappar den siste tida.
– Det er første gong eg syklar det sidan VM i fjor. Det er noko eg har jobba mykje med, og eg er glad for at det lønna seg i dag. Det har vore mange opp- og nedturar sidan i fjor.
Magnus Sheffield vart nummer tre.
Norske Tobias Foss vart nummer 54, i underkant av fem minutt bak Pogacar.
Neste tempoetappe er etappe 14 som går 18. mai.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/08/3964102-80476753-2560-1440.jpg)
Nordmann gjekk i bakken: – Dårleg timing
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame