Populære sporter
All sport
Vis alt

Storfavoritten innfridde – Uno-X fekk problem

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 09/05/2024 klokken 17:41 GMT+2

Det norsk-danske sykkellaget viste seg fram fremst i feltet i eindagsrittet Circuit de Walloine.

Stian Fredheim fekk problem på slutten av eindagsrittet Circuit de Wallonie.

Foto: Getty Images

Uno-X var ein del av feltet som forsøkte å ta igjen brottrioen som braut ut frå feltet 28 kilometer igjen av etappen.
Med 11 kilometer igjen av etappen gjekk Visma-Lease a Bike-ryttaren Loe van Belle i eit solobrot. Han fekk selskap av Anthony Turgis med litt over seks kilometer igjen.
Det norsk-danske sykkellaget sat fremst i feltet ved fleire anledningar. Etter ein solid tauejobb av Uno-X tok feltet igjen duoen i front med halvannan kilometer igjen av etappen.
Det var derimot utan Stian Fredheim. Han punkterte då det stod igjen seks kilometer av etappen. Dermed var han ute av sigerskampen, og laget måtte klare seg med ein mann mindre dei siste kilometrane.
Dermed vart det ein massespurt, der Tord Gudmestad var med. Han hamna i mellom ei gruppe ryttarar, og vart til slutt nummer sju.
Belgiske Arnaud de Lie vann. Han var utnemnd som favoritt i førekant av rittet.
Sett denne?
picture

Nordmann gjekk i bakken: – Dårleg timing


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame